Hopp til innhold

Lærling energimontør

Arbeidsgiver

Sygnir

Sted

Dalavegen 25, 6856 Sogndal

Om jobben

Stillingstittel
Lærling energimontør
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. mars

Er du i gang med 2. året på elektro og klar for neste steg?

Gjennom Kraftvegen tilbyr me ei trygg, grundig og variert lærlingutdanning for deg som vil bli energimontør. Kraftvegen er vår veg frå elev til fagarbeidar -- der du blir tatt godt imot, følgt tett opp og får utvikle deg både fagleg og sosialt.

Som lærling hjå oss får du støtte og rettleiing frå første dag og gjennom heile lærlingløpet. Me har lang erfaring med fagopplæring i energibransjen, og byggjer på solid kompetanse i å utdanne framtidas fagarbeidarar. Du blir ein del av eit ungt og inkluderande miljø, der trivsel, samarbeid og tryggleik står høgt.

Arbeidskvardagen er variert og praktisk, ofte ute i flott vestlandsnatur. Du får jobbe med bygging, drift og vedlikehald av kraftnett, og med feilsøking og utbetring på linjer, kablar og transformatorar. Me har ein uformell tone i kvardagen -- men tek sikkerheit på alvor. Hjå oss kjem du trygt heim frå jobb.

Kraftvegen er utvikla i tett samarbeid med opplæringskontor, slik at du får ei heilskapleg, relevant og god fagopplæring i alle delar av faget. I tillegg legg me til rette for sosiale møteplassar og felles samlingar i lærlingetida, der du blir kjend med andre lærlingar og byggjer nettverk for framtida.

Me har ledige lærlingplassar ved montørbasane i Vik/Balestrand, Aurland/Lærdal og Sogndal.

Kven kan søkje?

For å søkje lærlingplass gjennom Kraftvegen må du:

  • vere i gang med eller ha fullført VG2 elenergiinnan sommaren 2026

  • ha førarkort klasse B, eller planleggje å ta det så snart du fyller 18 år

  • vere lærevillig, samarbeidsvillig og opptatt av helse, miljø og sikkerheit

Me tilbyr ordna løns-, arbeids- og forsikringsvilkår, tett oppfølging og eit fagbrev som gir deg gode moglegheiter vidare -- både for fast jobb og vidare utdanning i energibransjen. Me ønskjer mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, bakgrunn, funksjonsevne eller livssituasjon.

Har du spørsmål om Kraftvegen eller lærlingplass hos oss? Ta kontakt med:

  • Vik/Balestrand: baseleiar Ørjan Lunde Undi på tlf. 994 49 402

  • Sogndal: baseleiar Martin Hove på tlf. 948 56 606

  • Aurland/Lærdal: seksjonsleiar montasje Daniel Meisterplass på tlf. 908 27 356

Om bedriften

Vil du vere med på laget til ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og som torer å satse? Då kan Sognekraft konsernet vera verksemda for deg. I Sognekraft-konsernet er me om lag 160 ihuga medarbeidarar. Sygnir leverer ei stabil og sikker straumforsyning til nettkundane i vakker og utfordrande vestlandsnatur. Klimautfordringa har ført til eit stort behov for fornybar energi og forbruket aukar stadig. Sygnir byggjer ut regional- og distribusjonsnettet i Sogn, med stor vekt på effektiv drift. Me i Sygnir er 80 medarbeidarar i Sogndal, Vik, Balestrand, Lærdal og Aurland som har tru på ei framtid som etterspør rein energi. Elektrifiseringa aukar behovet for fornybar energi og Sygnir byggjer ut framtidsretta straumnett i Sogn.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b194ed9a-9727-4352-b3a1-0711da08c9af

Sist endret

12. februar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

450263608

Lignende annonser