Hopp til innhold

Lærarstillingar ved Trudvang skule

Arbeidsgiver

Sogndal kommune, Trudvang skule

Sted

Dalavegen 2, 6856 Sogndal

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest lørdag 28. februar

(Faste stillingar og årsvikariat)

Trudvang skule er ein 1.–5.-skule midt i Sogndal sentrum, med om lag 400 elevar fordelte på 17 klassar og rundt 70 tilsette i skule og SFO. Skulen har aukande elevtal og er inne i ei periode med både dagleg drift og framtidsbygging. Arbeidet med ny Trudvang skule er i gang, og frå 2027 og 2028 står byggetrinn 1 og 2 klare. Då vert skulen ein fullverdig barneskule med trinn 1–7 samla.

I åra som kjem vil leiinga ha fokus både på kvalitet i kvardagen og på etableringa av den nye skulen. Trudvang er ein føregangsskule i bruk av miljørettleiarar i skule og SFO, og personalgruppa er breitt samansett. SFO-drifta er samla rundt ein felles base med eigne aktivitetsrom.

Ledige stillingar
Me lyser ut ledige lærarstillingar, både faste stillingar og årsvikariat. Utlysinga gjeld òg for andre lærarstillingar som kan bli ledige for skuleåret 2026–2027.

Kva går jobben ut på?
Som lærar ved Trudvang skule vil du arbeide breitt på barnetrinnet og vere ein del av eit profesjonsfellesskap i utvikling.

Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:

  • Undervisning i flest mogleg fag på barnetrinnet
  • Kontaktlæraransvar (der dette er aktuelt)
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av læringsarbeid i samarbeid med kollegaer
  • Systematisk arbeid med grunnleggande ferdigheiter, tverrfagleg arbeid og elevane sitt læringsmiljø
  • Systematisk oppfølging av elevane si læring og utvikling
  • Tett og godt samarbeid mellom skule og heim
  • Aktiv deltaking i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen

Kven ser me etter?
Me ser etter deg som er utdanna lærar og kan arbeide på stega 1–5. I tillegg legg me vekt på at du ønskjer å bidra i fellesskapet rundt elevane og i den vidare utviklinga av skulen.

Ved Trudvang skule får du:

  • Ein fagleg utfordrande kvardag i eit trygt og triveleg arbeidsmiljø
  • Dyktige kollegaer og samarbeid på tvers av roller i skule og SFO
  • Ein arbeidsplass i utvikling, både pedagogisk og organisatorisk

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde i tråd med offentleglova § 25, andre ledd, sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknad må sendast innan fristen via rekrutteringssystemet vårt, Easycruit.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Bjarte Ramstad

95005333

bjarte.ramstad@sogndal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

92a2c91d-88cb-4e1c-8fa3-5d056665e31f

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3596683_195917_nn

Lignende annonser