Miljørettleiar- og fagarbeidarstillingar ved Trudvang skule
Sogndal kommune, Trudvang skule
Dalavegen 2, 6856 Sogndal
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 28. februar
Faste stillingar og årsvikariat, inntil 100 prosent.
Nokre jobbar handlar først og fremst om fag. Andre handlar om menneske. Hos oss er det alltid begge delar.
Trudvang skule er ein 1.–5.-skule midt i Sogndal sentrum, med om lag 400 elevar fordelt på 17 klassar og rundt 70 tilsette i skule og SFO. Me har eit aukande elevtal og er inne i ei spennande utviklingstid. Arbeidet med ny Trudvang skule er i gang, og frå 2027 og 2029 står byggetrinn 1 og 2 klare. Då vert skulen ein fullverdig barneskule med trinn 1–7.
I åra som kjem har leiinga fokus både på trygg dagleg drift og på å byggje ein ny skule for framtida. Trudvang er ein føregangsskule i bruk av miljørettleiarar i skule og SFO, og personalgruppa vår er breitt samansett og tverrfagleg. SFO-tilbodet er samla rundt ein felles base med eigne aktivitetsrom, og om lag 240 elevar nyttar tilbodet i større eller mindre grad. Skulen har òg «basen», ein eigen arena der enkelte elevar får hovuddelen av skuletilbodet sitt.
Ledige stillingar
Me har no moglege ledige stillingar for skuleåret 2026–2027:
- Miljørettleiarstillingar, faste og årsvikariat, inntil 100 prosent
- Fagarbeidarstillingar, faste og årsvikariat, inntil 100 prosent
Utlysinga gjeld òg for andre tilsvarande stillingar som kan bli ledige.
Kva går jobben ut på?
Arbeidsoppgåvene kan variere og vil vere knytte til éi eller fleire av desse oppgåvene:
- Arbeid retta mot einskildelevar, mellom anna knytt til rettar om personleg assistanse
- Arbeid i SFO
- Generelt elevretta arbeid, særleg på førsteklassetrinnet
- Arbeid på skulen sin eigen arena, «basen»
- Samarbeid med andre instansar, deltaking i klassen eller gruppa sitt samla arbeid, og medverknad i planarbeid rundt eleven
Som miljørettleiar eller fagarbeidar er du ein del av klasseteam og deltek i fellesmøte med andre miljørettleiarar og fagarbeidarar på huset. Du jobbar tett på både elevar og kollegaer, og er ein viktig del av det daglege laget rundt elevane.
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som har:
- Utdanning som miljøterapeut eller miljørettleiar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Evt. anna relevant utdanning og eller praksis
Det viktigaste for oss er at du har interesse for barn, evne til å byggje relasjonar og ønskje om å bidra inn i eit lag der samarbeid står sterkt.
Dette kan me tilby
Hos oss får du:
- Ein meiningsfull jobb i eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø
- Dyktige kollegaer og eit fagmiljø med brei kompetanse
- Ein arbeidsplass i utvikling, der miljørettleiarar og fagarbeidarar har ei tydeleg rolle i skulekvardagen
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde i tråd med offentleglova § 25, andre ledd, sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må sendast innan fristen via rekrutteringssystemet EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
79e3010d-c110-4820-aff6-99c649dd80c2
- Sist endret
16. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3596679_195917_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sogndal kommune, Leikanger barneskule
Sted
Leikanger
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Kvåle skule
Sted
Sogndal
Arbeidsgiver
Sogndal kommune, Trudvang skule
Sted
Sogndal