Hopp til innhold

Avdelingsleiar

Arbeidsgiver

Nav, Region Bergen 

Sted

Møllendalsveien 6, 5009 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar IPS
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Vert du motivert av å leie dyktige medarbeidarar som jobbar for eit viktig samfunnsoppdrag? Då kan du vere avdelingsleiaren vi leitar etter!

Nav region Bergen søkjer ein ny avdelingsleiar til vår regionale avdeling for Individuell jobbstøtte (IPS). IPS er ein metode som støttar personar med psykiske helseutfordringar i å få og halde på ordinært arbeid eller utdanning, gjennom tett oppfølging i samarbeid med behandlingsapparatet.

Avdelinga består av om lag 25 engasjerte jobbspesialistar i Nav, i tillegg til jobbspesialistar i Bergen kommune som inngår i fagmiljøet. Som avdelingsleiar vil du ha arbeidsstad ved Nav Bergen Sentrum og ansvar for medarbeidarar som jobbar i ulike team og på DPS i Bergen og omegn.

I søknaden ber vi deg seie noko om kva som motiverer deg for rolla, og kva kunnskap du har om IPS-modellen.

Som avdelingsleiar blir du ein viktig del av leiargruppa i regionen. Du skal drive utvikling, skape resultat og sikre gode leveransar – i eit Nav som er i kontinuerleg endring. Du vil rapportere til avdelingsdirektør/regionleiar.

Er du klar til å leie ei avdeling som gjer ein reell forskjell for menneske? Då vil vi gjerne høyre frå deg!


Kva går jobben ut på? 

  • leiing, drift og utvikling av tenester etter IPS metodikken 
  • personalansvar for avdelinga sine medarbeidarar
  • utvikle kultur for læring, refleksjon og forbetring 
  • resultat- og rapporteringsansvar for avdelinga 
  • bidra til utvikling av IPS-modellen 
  • utstrekt kontakt med samarbeidspartar  

Stillinga inngår i leiargruppa ved regionkontoret i Nav Bergen.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla? 

Du må ha
  • høgare relevant utdanning på bachelornivå. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • erfaring med leiing og personalansvar
  • gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk
Det er ein fordel om du har
  • relevant arbeidserfaring innan avdelinga sitt arbeidsområde som for eksempel jobbspesialist, rekruttering, marknadsarbeid eller anna 
  • erfaring med utvikling av tenester 
  • erfaring frå samarbeid med helse 

Kva ser vi etter hos deg

  • tydeleg og trygg leiarstil
  • løysingsorientert og strategisk
  • gode relasjonsbyggande ferdigheiter
  • evne til å inspirere og motivere medarbeidarar
  • er systematisk, metodisk og involverande i drift og utvikling av tenesta 

Kvifor velje oss

  • spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • unik moglegheit til å skape noko nytt, og byggje eit godt arbeids- og tenestefellesskap
  • eit engasjert og triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • fleksibel arbeidstid
  • tilsetting i stillingskode 1407 avdelingsleiar med lønnspenn frå kr. 790 000 til kr. 850 000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Mette Johnsen Bentdal, Regionleiar, 41184104, mette.johnsen.bentdal@nav.no

Arbeidsstad

Møllendalsveien 6-8
 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nav

Referansenr.: 5069349341
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.02.2026

Om bedriften

Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b181e207-ed21-49b1-9ea7-894564bc4b7a

Sist endret

14. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

dc223020c18747ad9f95f71fcd96e32d

Lignende annonser

Laster lignende annonser