Hopp til innhold

Overlege i psykiatri

Arbeidsgiver

Helse Fonna HF

Sted

Sjukehusvegen 13, 5451 Valen

Om jobben

Stillingstittel
Overlege i psykiatri
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 31. august

Vil du vere med og forme framtida innan psykisk helsevern?

Hos oss vil du bli ein del av eit levande og tverrfagleg behandlingsmiljø, der vi saman jobbar for å tilby eit breitt spekter av behandlingstilbod. Folgefonn DPS har lokasjonar på Valen og i Odda, og vi gir eit bredt behandlingstilbod innan rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, gruppepoliklinikk, FACT samt ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern. Vi har eit godt og breitt tverrfagleg behandlingsmiljø med 4 overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, 2 LIS legar/ ALIS og psykologar under spesialisering, samt høgskuleutdanna med vidareutdanning. Arbeidsplass er på Valen, på poliklinikk eller døgn.

Folgefonn DPS sitt opptaksområde er kommunane kvinnherad og Ullensvang. Befolkningsgrunnlaget er omlag 20 000 vaksne innbyggjarar.

Ein spennande periode for utvikling
Vi er inne i ei spennande tid der vi vidareutviklar behandlingstilboda våre, både poliklinisk og innan døgnbehandling. No har vi ei ledig stilling på Allmennpsykiatrisk poliklinikk -- ein unik sjanse til å bli ein del av ei fagleg satsing og bidra til fagutviklinga.

**Er dette noko for deg?**Vi ser fram til å bli kjent med deg, og intervju kan bli gjennomført fortløpande i utlysningsperioden.

Velkomen til Folgefonn DPS -- der fag, utvikling og engasjement møtest!

Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar.

  • Tverrfagleg klinisk arbeid i team.

  • Rettleiing og internundervisning.

  • Deltaking i felles bakvaktsordning med Valen sjukehus.

  • Deltaking i samhandling med pårørande og kommunehelsetenestene.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon og godkjent spesialisering i psykiatri.

  • Gode munlege og skriftlege norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du

  • finn løysningar og er strukturert

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

  • trivst i eit aktivt miljø med varierte utfordingar

  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Kvifor skal du velje oss?

  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.

  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).

  • Kompetanseutvikling og vidareutdanning.

  • Moglegheit for deltaking i prosjekt og kvalitetsutvikling.

  • Sterkt fagleg fellesskap med godt arbeidsmiljø.

  • Moglegheit for å skaffe overgangsbustad.

Oppstart etter avtale.

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b100adbf-5b26-4118-bdcf-5b8b4cc686c5

Sist endret

13. august 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

472943983

Lignende annonser

Laster lignende annonser