Hopp til innhold

Nattevakt som vernepleiar eller helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Voss herad

Sted

Ringheimsvegen 23, 5704 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Vaken nattevakt ved Lundhaugen Omsorgsbustad
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i morgen

 Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis tenester for morgondagen skal vera. For å møta utfordringar i framtida har me auka fokus på førebygging og tidleg innsats.

Om avdelinga:

I Lundhaugen Osorgsbustad bur det 12 mennesker med nedsett funksjonsevne som har behov for tenester. Alle bur i eigne leiligheiter med tilgang til fellesareal. Eininga har ca. 24 årsverk. Me har fokus på å tilsetja god fagkompetanse.

Me søkjer:
  • 2x 50% faste stillingar som vakande nattevakt

  • Arbeidsoppgåver:
    • bistå bebuarane til legging og når dei har behov for hjelp på natta. Det kan vera stell og pleie, rettleiing og motiveringsarbeid. 
    • skapa tryggleik og struktur på natt
    • medikamenthandtering
    • handtera alarmsystem og bistå bebuarane ved behov
    • dokumentera i fagprogrammet Aidn

     Kvalifikasjonar:

    • vernepleiar eller anna relevant høgskule (helseutdanning) 
    • fagarbeider med helsefagutdanning
    • du må kunne nytta dataverktøy
    • Godkjent politiattest må framleggjast før tiltredning i stillinga
    Personlege eigenskapar som vert vektlagt:
    • gode faglege kunnskaper og kjennskap til relevant lovverk
    • ansvarsbevisst og sjølvstendig
    • gode samarbeidsevne
    • gode kommunikasjonsevne
    • løysingsorientert og positiv, ha ynskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
    Me tilbyr:
    • Rekrutteringstillegg på kr 16 000 for nytilsett vernepleiar i turnus
    • gode vilkår for fagleg utvikling
    • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
    • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
    • gode pensjonsordningar
    • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

     

    Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

    Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
     
    Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Hanne Tombre

    97997165

    hanne.tombre@voss.herad.no

    Om bedriften

    Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    b0f2f716-62eb-42df-971b-f37b9a49b3dd

    Sist endret

    4. februar 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3578063_213073_nn

    Lignende annonser