Sommarjobb for 16- og 17-åringar
Luster kommune Luster kommune
Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne
Om jobben
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 16
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Me søkjer ungdommar til 16 kommunale sommarjobbar for 16- og 17-åringar busett i Luster kommune.
Sommarjobbane vert fordelte på omsorgstenesta, sentralkjøkenet, teknisk drift, barnehagar og sfo, og varer i 4 veker.
På søknadsskjemaet kan du velge kva eining du vil søkje jobb hos.
Søkjarar kan bli innkalla til intervju.
Andre opplysningar:- Søkjarar må ha fylt 16 år innan 1.juni 2026. Ungdom som fyller 18 år før 01.08.2026 er ikkje aktuelle for sommarjobbar for 16- og 17-åringar
- Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Du finn lenkje til søknadsskjema øverst til høgre i annonsen
- Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.300 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert - frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Kommunen har gode tenester, styrings- og kvalitetssystem. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b0e417f4-372c-4fbf-bbf2-a8f510dce82f
- Sist endret
13. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3597711_219705_nn