Hopp til innhold

Miljøveileder Bryne skule/SFO

Arbeidsgiver

Bryne skule, Time kommune

Sted

Ola Barkveds veg, 4340 Bryne

Om jobben

Oppstart
3. august 2026
Stillingstittel
Miljøveileder Bryne skule/SFO
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest onsdag 27. mai

Bryne skule har ledig stillingar som miljøveiledar frå august 2026.

Me søker deg som vil vera med på ein spanande arbeidskvardag på ein veldig kjekk arbeidsplass.

Fokuset i alt me gjer er å skapa ein god skulekvardag for barn og unge. Du vil vera ein viktig fagperson som saman med lærarane og leiinga skal sikra at den enkelte elev blir sett, teken på alvor og får utvikla seg. 


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil vera varierte.

Du vil blant anna samarbeida med SFO-personalet, lærarar, føresette og få ansvar for å følgja opp elevar på base (i SFO), enkeltvis, i grupper og i trinn/klassar.  

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning:  

  • Bachelorutdanning/høgskuleutdanning 
  • Tidlegare erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge er ønskeleg og vil verta særleg vektlagt i tilsettinga.

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

For Bryne skule er det viktig at du er ein person som likar å jobbe sjølvstendig samtidig som du er ein lagspelar som fungerer i team med andre tilsette. Du bidreg med eigne erfaringar, har pågangsmot og er initiativrik. Me ser elles etter dette hos aktuelle søkarar:

  • Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna til jobben. 

Me tilbyr

Bryne skule søker: 

2 faste stillingar som miljøveileder i skule og SFO (70-80%).

Desse to stillingane vil vera på 40% SFO og 30-40% i skule. For ei av desse stillingane kan det verta aktuelt å leggja til ansvar som baseleiar for ei av SFO-avdelingane.

1 vikariat som miljøveileder i skule og SFO (80% stilling).

Denne stillinga er eit vikariat i skule (40%) og SFO (40%).

 

Om du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med:   

Rektor: Jone Siqveland, tlf.95269604 eller SFO-leiar: Mona Flåten Bjaanes, tlf.45607562

https://www.minskole.no/bryne

 

Time kommune tilbyr ellers:

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breidt fagmiljø

Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.

Kontaktinformasjon

Jone Siqveland, rektor, 95269604, jone.siqveland@time.kommune.no
Mona Flåten Bjaanes, Leiar Sfo, 45607562, mona.flaten.bjaanes@time.kommune.no

Arbeidsstad

Ola Barkveds veg
4340 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5131322145
Stillingsprosent: 80%
Fast, Vikar
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 27.05.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Mona Flåten Bjaanes

Leiar Sfo

45607562

mona.flaten.bjaanes@time.kommune.no

Jone Siqveland

rektor

95269604

jone.siqveland@time.kommune.no

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b0e0a15e-23c4-44a9-b587-145ac5dfc74d

Sist endret

19. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

363b324ab6b1491ea3cc35be3ad10379

Lignende annonser

Laster lignende annonser