Hopp til innhold

Miljørettleiar 

Arbeidsgiver

Frøyland ungdomsskule, Time kommune

Sted

Gåsevikvegen 2, 4355 Kvernaland

Om jobben

Oppstart
12. august 2026
Stillingstittel
Miljørettleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest fredag 29. mai

Frøyland ungdomsskule har ledig ein stilling som miljørettleiar. Me søker deg som vil vera med på ein spennande arbeidskvardag. Fokuset i alt me gjer er å skapa ein god skulekvardag der barn og unge får utvikla seg. Du vil vera viktig fagperson som saman med lærarane og leiinga vil sikra at den enkelte elev vert teken på alvor og sett kvar dag.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil vera varierte. Du vil blant anna samarbeida med lærarar, føresette og få ansvar for å følgja opp elevar enkeltvis, i grupper og i klassar

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning som: 
Bachelorutdanning som f.eks. vernepleiar, barnevernspedagog, sosionom. Andre utdanningar kan òg vera aktuelle. Det er ønskeleg med tidlegare erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge.  
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. 

Personlege eigenskapar

Du har pågangsmot og er initiativrik  
Viser god omsorg og engasjement  
Du er robust, fleksibel og løysingsorientert  
Har god relasjonskompetanse   
Er sjølvstendig samtidig som du er ein lagspelar  
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter    
Det vert lagt vekt på om søkjaren er personleg eigna til jobben

Me tilbyr

Me har ledig ein stilling  som miljørettleiarar i fast stilling  80 %  frå 01.08. 2026. Lønn etter tariff. Me søker deg som vil vera med på ein spennande arbeidskvardag. Fokuset i alt me gjer er å skapa ein god skulekvardag der barn og unge får utvikla seg. Du vil vera viktig fagperson som saman med lærarane og leiinga vil sikra at den enkelte elev vert teken på alvor og sett kvar dag. Hos oss vil du bli del av eit utviklingsorienert personal som er opptatt av at alle elevane skal oppleva skulekvardagen som relevant og motiverande. Personalgruppa er kjenneteikna av godt samhald, humør og engasjement. 

Kontaktinformasjon

Karl Inge Aksnes, rektor, 92841927, karlinge.aksnes@time.kommune.no

Arbeidsstad

Gåsevikvegen 2
4355 Kvernaland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5125836035
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 12.08.2026
Søknadsfrist: 29.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Karl Inge Aksnes

rektor

92841927

karlinge.aksnes@time.kommune.no

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b32431a1-aaad-4569-ad3f-a465d9df20ea

Sist endret

8. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8107975c863e44c0a38bf527aad906d0

Lignende annonser

Laster lignende annonser