Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Fusa ungdomsskule
Brakabygda 43, 5640 Eikelandsosen
Om jobben
- Stillingstittel
- 100 % fast stilling som lærar ved Fusa ungdomsskule
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. august
Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda i kommunen er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Arbeidsstad:
Moderne og flotte Fusa ungdomsskule stod ferdig hausten 2019 og ligg fint til mellom fjord og fjell, sentralt i Eikelandsosen. Skulen har eit flott uteområde som bidreg til aktivitet og moglegheiter for praktisk undervisning. Like ved finn ein idrettsanlegg og fleirbrukshall. Skuleåret 2026 - 2027 er det om lag 155 kjekke elevar, og eit engasjert og stabilt personale med sterkt fokus på å skape eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø for alle elevar. Utviklingsområda våre dreier seg om trygt og god skulemiljø, undervegsvurdering og lesing.
Arbeidsoppgåver:
- Kontaktlærarfunksjon
- Individuelt tilrettelagt opplæring
- Ordinær undervisning i klasse eller i gruppe
- Samarbeid med foreldre, PPT, BUP og med fleire
Skulen har behov for kompetanse innan: individuelt tilrettelagt opplæring, norsk, samfunnsfag, KRLE og kroppsøving. Søkjarar med undervisningskompetanse i andre fag vil likevel bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Tilsette må kunne fungere som kontaktlærar.
Vi ser etter medarbeidarar som:
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital undervisning
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
Kvalifikasjonar:
- Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjent frå HR-dir.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
- For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med nann, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b05b1ad7-402f-4589-b6e3-840421a592e7
- Sist endret
30. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3642609_207799_nn