Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Os barneskule
Giskavollen 20, 5200 Os
Om jobben
- Stillingstittel
- Undervisningsstilling ved Os barneskule
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. august
Os barneskule har ledig eit vikariat i 100 % eller meir som timelærar frå 01.08.2026-31.07.2027
Arbeidsstad
Os barneskule ligg i sentrum av Os. Skuleåret 2026 - 2027 har vi 222 elevar og 34 tilsette.
Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt borna. Visjonen vår er "Livsglede og lærelyst". Les gjerne meir om skulen på nettsida: http://www.osbarn.gs.hl.no
Satsingsområda våre er grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving, i tillegg til godt læringsmiljø og livsmeistring for alle.
Arbeidsoppgåver
Undervisningsstilling fortrinnsvis på mellomtrinnet.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utdanning frå utlandet skal vera godkjent av HK-dir.
Ønska kvalifikasjonar
Skulen ønskjer fortrinnsvis lærarar med grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn. Det er særleg ønskjeleg med kompetanse i matematikk, kroppsøving og spesialpedagogikk. I tillegg vil det vera ønskjeleg med gode digitale ferdigheiter. Det er viktig å ha god kjennskap til LK-20 og planleggja for tverrfaglegheit og djupnelæring.
Skulen treng pedagogar som er tydelege, robuste og engasjerte klasseleiarar. Ein må vera fleksibel og ha gode samarbeidsevner. Vi ønskjer oss ein raus kollega med god relasjonskompetanse, samt ein som har positive haldningar, bidreg til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø og har stor arbeidskapasitet. Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ein føresetnad for tilsetjing er godkjent politiattest i høve opplæringslova.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktperson
Laila Aarbakke, rektor, tlf.: 476 70 291, laaa@bjornafjorden.kommune.no
Stian Lunde, avdelingsleiar, tlf.: 930 38 850, stl@bjornafjorden.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
05f920a9-d778-4a24-835b-acbf32beca72
- Sist endret
30. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3642575_207775_nn