Miljøterapeut- Bu og habilitering, Dalevegen 30-32
Ørsta kommune
Anders Hovden-gata 27, 6153 Ørsta
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut
- Oppstart
- 1. desember 2025
- Type ansettelse
- Fast, deltid 90%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
I Ørsta kommune er det ledig 3x90 % stilling for miljøterapeut. Stillingane er f.t. plassert i kommunalområdet Helse, omsorg og velferd med tenesteområde Bu og habilitering -Dalevegen 30-32. Bu og habilitering har ansvar for tenester til menneske med utviklingshemming og andre med funksjonsnedsetjingar som treng bistand eller tenester for å bu i eigen heim. Stillinga er pr. dags dato knytt til bustader og avlastningstiltak for barn og unge.
Vi søkjer etter deg som har kunnskap, erfaring og har interesse for arbeid med menneske med utfordrande åtferd og utviklingshemming. Den som vert tilsett må vere budd på å utføre arbeidsoppgåver/endre tenestestad i samsvar med kommunen sitt behov til ei kvar tid.
Arbeidsoppgåver
- Legge til rette for at den enkelte tenestemottakar skal ha eit tilbod som fremmar ein kvardag der dei har medbestmmelse og er aktiv deltakar i eigen kvardag
- Sikre opplæring i daglege gjeremål, ADL-trening og meistring av eigen kvardag
- Sjå den enkelte tenestemottakar og deira behov ut i frå dei ressursar vi har tilgjengeleg
Kvalifikasjonar
- 3 årig helse-, sosialfagleg- eller pedagogisk høgskuleutdanning
- Relevant arbeidserfaring
- Det er ein fordel om du har førarkort klasse B
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- har kunnskap og interesse for og erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming
- er engasjert, fleksibel og løysingsorientert
- har evne og ferdigheiter til å jobbe målretta, systematisk og sjølvstendig
- har evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. I enkelte tilfelle vil det bli nytta gruppeintervju.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.
Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4.gr2- Stillingar med krav om min 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 6675 miljøterapeut
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Alice Karina Vervik, Avdelingsleiar, 47645722, alice.karina.vervik@orsta.kommune.noGuro Bakke Liaskar, Tenesteleiar, 90103223, guro.bakke.liaskar@orsta.kommune.no
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5032902531
Stillingsprosent: 90%
Fast
Startdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 09.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aff8924f-7c61-40b3-9fc0-690b67147b71
- Sist endret
24. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
58784b2b84fb40deb0cea00d25d0410d
Lignende annonser
Vikariat som miljøterapeut
Arbeidsgiver
Hareid kommune, Bu og habilitering - Hjellebakken
Sted
Hareid
Arbeidsgiver
Døgnbehandling psykisk helse DPS VegsundHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Off. godkjent helsefagarbeidar, Heimetenester
Arbeidsgiver
Heimetenester, Ørsta kommune
Sted
Ørsta