Miljøterapeut
Hareid kommune, Bu og habilitering - Hjellebakken
Teigevegen 55, 6060 Hareid
Om jobben
- Stillingstittel
- Vikariat som miljøterapeut
- Oppstart
- 1. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 80%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 6. november
Vil du ha ein meiningsfull og gjevande jobb tett på menneskje som treng ekstra hjelp? Vi gjer livet betre for dei som ikkje har den same førestnad som andre.
Vi har ledig eit 80 prosent vikariat frå 1. januar til november 2026 som miljøterapeut. Eininga har ansvar for å gje tenester til menneskjer med utviklingshemming og funksjonsnedsetting. Arbeidsoppgåvene er retta mot vaksne brukarar.
Arbeidsoppgåver
- sitje i primærgrupper
- hjelpe til i daglege gjeremål og fritidsaktivitetar
- ansvar for å utarbeide og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak
- utføre arbeidsoppgåver av fagleg og praktisk karakter
- delta i interne og eksterne møter ved behov
- dokumentasjon av arbeidet i samsvar med lovverket
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som ønskjer å arbeide med brukarar på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.
Vi vil at du skal
- ha treårig høgskuleutdanning innan helsefag, pedagogikk og/eller sosialfag. Andre med relevant erfaring frå likande arbeid kan og søkje.
- vere over 18 år gammal
- bruke IKT som arbeidsverktøy
- ha førarkort klasse B
- ha kjennskap og erfaring til kapittel 9 i helse -og omsorgstenestelova
- må kunne jobbe i turnus, inkludert langvakter
Det er krav om politiattest av ny dato.
Personlege eigenskapar
I bu -og habilitering ønskjer vi oss medarbeidarar som er
- engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte
- har gode kommunikasjons -og samarbeidsferdigheiter
- har verdiar som gjenspeglar respekt, ansvar og at du er tydeleg i dine ord og handlingar
- har lyst til å lykkjas med å skape gode relasjonar til brukarane, pårørande og kollega
- er svært fleksible og løysningsorienterte
- viser arbeidsglede og bidreg til den sosiale fellesskapen
- er inkluderande, handlekraftige, pålitelege og initiativrike
Vi tilbyr
- ein triveleg arbeidsplass med godt tverrfagleg arbeidsfellesskap
- spanande og faglege utfordringar
- fagdag i arbeidsplan
- kurs gjennom NHI og Visma-veilederen
- god forsikringsordning i KLP, med frivillig ulykkesforsikring på fritid
- løn etter gjeldande avtalar
Du må søkje på stillinga digitalt, og laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Lisa Johnsen, +47 41415308Arbeidsstad
Teigevegen 556060 HAREID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 5032355827
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 30.11.2026
Søknadsfrist: 06.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Lisa Johnsen
+47 41415308
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Jobbe hjå oss - Hareid kommune
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
31326535-9f85-441c-a336-2cb86501adb2
- Sist endret
27. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a18fbbc88e914d06af13fb6c9ed1d8e2
Lignende annonser
Miljøterapeut
Arbeidsgiver
Ørsta kommune
Sted
Ørsta
Miljøterapeut ambulerande tjeneste
Arbeidsgiver
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Sted
Valderøya
Arbeidsgiver
Døgnbehandling psykisk helse DPS VegsundHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund