Fagarbeidar i barnehage - 2 x 100 % vikariat
Vang Kommune
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeidarar i barnehage - 2 x 100 % vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 25. desember
Vil du vere med og skape magiske barnehagedagar?
Vang kommune har ledige vikariat for fagarbeidarar i barnehage frå januar til juli 2026 – med mogleg forlenging. Me ser etter deg som har eit stort hjarte for barn, og som vil vere med å gi dei ein trygg, spennande og lærerik start på livet.Kvifor velje oss?
Hos oss får du ein kvardag der latteren sit laust, og der du kan bruke både kreativitet og fagkunnskap. Me jobbar etter satsinga SmartOppvekst, som handlar om å bygge gode eigenskapar, styrkar og livsmeistring – både hos barna og oss vaksne.
Dette får du hos oss:
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø der me heiar på kvarandre
- Variasjon og opplevingar – ingen dagar er heilt like
- Løn etter tariff, gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hjelp til bustad om du treng det
- Og ikkje minst: I Vang er det godt å bu! Fjell, vatn og natur rett utanfor døra.
Høre barnehage – midt i naturen, med gymsal, stort uteområde og turar til gapahuken i skogen. Her er leik og læring i fokus, og me nyttar nærmiljøet aktivt.
Fredheim barnehage – sentrumsbarnehage med gangavstand til bibliotek, skule og fleirbrukshall. Her er det utedagar for alle årskull, turar langs Kongevegen og mykje moro ute i naturen.
Arbeidsoppgåver
- Delta aktivt i leik og aktivitetar
- Medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, blant anna aktivitetar, samlingsstund og leik
- Medansvar for at dei praktiske arbeidsoppgåvene vert gjennomført i samarbeid med øvrig personale
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre med relevant fagutdanning/fagbrev oppmodast også til å søkje
- Andre utan fagbrev, men med anna relevant utdanning/erfaring kan også søkje
- Gode norskkunnskapar
Godkjent politiattest skal leverast ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som
- som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
- er opptatt av å skape gode relasjonar til barna, foreldre og kollegaer
- er strukturert og endringsvillig
Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.
Kontaktinformasjon
Heidi Lynge Kvale, Styrar barnehagane, 90580529, Heidi.Lynge.Kvale@vang.kommune.noArbeidssted
Tyinvegen 51612975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang KommuneReferansenr.: 5052437255
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 25.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vang kommune som arbeidsgjevar:
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
- Vang kommune har nynorsk som skriftspråk
- Vang kommune er ein tobakksfri arbeidsplass og ein kan ikkje nytte tobakk i betalt arbeidstid.
Å bu i Vang kommune:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og barnehagesprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
- Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
af9c0548-3d3f-4436-9475-352f7eb532ac
- Sist endret
10. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ddee9d8bbe1240ee97fa05d153a71b94
Lignende annonser
Pedagogiske leiarar i barnehage
Arbeidsgiver
Vang Kommune
Sted
Vang i Valdres
Tilkallingsvikarar i barnehage 2025
Arbeidsgiver
Vang Kommune, Utdanning og kultur
Sted
Vang i Valdres
Barnehagehjelp
Arbeidsgiver
Heggebø Friluftsbarnehage SA
Sted
Heggenes, Innlandet