Stipendiat innan mikrobiologi og Vibrio Wave
Havforskingsinstituttet
Postboks 1870, Nordnes, 5817 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Stipendiat innan mikrobiologi og Vibrio Wave
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 26. desember
Om stillingen (og prosjektet)
Klima er i endring og sjøtemperaturane stig. I dei siste åra har ein sett ei auka førekomst av infeksjonar hos menneske forårsaka av marine Vibrio-bakteriar, og vi treng meir kunnskap om Vibrio i norske farvatn. Dette krev ein kombinasjon av nye teknologiar, og tradisjonelle mikrobiologiske metodar. Havforskingsinstituttet ønsker derfor å bygge opp kompetanse på bruk av fjernmålingsdata med klassiske mikrobiologiske metodar.
Vi lyser no ut ein 3-årig stipendiatstilling. Stillinga vil ha fokus på å kople ulike typar fjernmålingsdata, til dømes temperatur og klorofyll, med data på Vibrio-førekomst, samt andre miljøparametre, som salinitet og næringstilgang. Stillinga vil vere knytt til to prosjekter på Vibrio. «Forekomst og drivere av Vibrio bakterier» og «VibrioWave». Universitetet i Bergen (UiB) er gradsgivande institusjon. Den som vert tilsett må vere kvalifisert til å søkje opptak til forskarutdanning (PhD-studie) ved UiB. Gjennom prosjekta vil kandidaten samarbeide med partnarar frå nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar og kommunale aktørar.
Om forskningsgruppen/seksjonen/avdelingen og arbeidet vi gjør
Stillinga vil høyre til faggruppa Fremmed- og smittestoff, som i dag har 24 forskarar, to post doktorar og ein stipendiat. Forskingsgruppa jobbar med å kartlegge og overvake framandstoff, parasittar og bakteriar i sjømat og marint miljø, og studerer førekomst og effektar av forureining i norske kyst- og havområde.
I denne stillinga skal du kartlegge og analysere for førekomst av Vibrio, bakteriesamfunn, og biogeokjemiske miljøparametre og kople desse in situ data med fjernmålingsdata. Prosjektet skal bidra til viktig kunnskap for ei framtidig varslingsteneste for publikum og for næringa.
Sentrale arbeidsoppgåver
Stipendiatstillinga vil vere knytt til arbeidet som skal utførast ved HI og inkluderer
- kartlegging av førekomst av Vibrio-bakteriar i sjøvatn og sjømat
- tolking av fjernmålingsdata for å finne moglege koplingar mellom fjernmålingsdata, og biokjemiske parameter som kan utløyse oppblomstring av Vibrio
- Kartlegging og djupneanalysar av reistens- og virulensgener, og mekanismar
- Analyse av prøvar frå sjømatnæringa
Reiseverksemd og/eller feltarbeid må påreknast i stillinga.
Kvalifikasjonskrav
- Utdanning innan mikrobiologi på masternivå. Søkjarar med tilstøytane utdanningar kan også vurderast
- Søkjar må oppfylle dei formelle krava for søknad om opptak til ph.d.-programmet i naturvitskap ved Universitet i Bergen (https://www.uib.no/nt/52560/opptak-til-phd-programmet#krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-ph-d-programmet)
- Gode kommunikasjonseigenskaper på norsk og engelsk
Arbeidsspråket på Havforskingsinstituttet er norsk. Det å kunne kommunisere godt på norsk er ein viktig føresetnad både for den tilsette og for instituttet. I denne stillinga må ein kunne bruke norsk som arbeidsspråk. Det er viktig å kunne uttrykke seg godt på norsk for å kunne ha gode dialogar med samarbeidspartnarane i prosjektet, fordi fleire av desse representerer norske forvaltings- og næringsaktørar.
Personlige egenskaper
Til denne stillinga ser vi etter deg som
- Er god på å sjå det store biletet
- Tek rakst til deg ny kunnskap, og er i stand til å bruke eksisterande kunnskap på nye måtar
- Er positiv og entusiastisk, også når arbeidet er krevjande
- Er ein positiv miljøfaktor
- Er lærevillig
- Deler informasjon, og let deg motivere av å dra i same retning
Ønskelig kompetanse
- Erfaring med dyrkingsbasert mikrobiologimetodikk
- Erfaring med mikrobiologiske metodar knytt til analyse av Vibrio spp.
- Erfaring med prøveuttak og feltarbeid
- Erfaring med molekylærbiologiske teknikkar, bl.a. qPCR
- Erfaring med metodikk for antibiotikaresistenstesting
- Erfaring med bioinformatikk og genomanalysar
- Kjennskap til sjømatproduksjon og tryggleik
- Kjennskap til statistiske verktøy som til dømes R, Phyton, eller tilsvarande.
Inkludering og mangfold er ein styrke
Havforskingsinstituttet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Difor oppfordrar vi alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ei IA-bedrift, og vi ønskjer å legge høva til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.
Dersom det fins kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi invitere minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling, må du oppfylle krava, og huke av for at du ønskjer positiv særbehandling når du søkjer. Du kan lese meir her.
Søknaden må innehalde
- ein kort tekst der du skildrar forskingsinteressene dine, og motivasjonen din for å søkje stillinga. Dette bør ikkje vere meir enn ei A4-side.
- fullt namn og kontaktopplysningar til to eller tre referansar, helst hovudrettleiar fra mastergrad, og/eller referansar frå andre nylige tilsettingshøve
- CV, karakterutskrifter og vitnemål, dessutan relevante attestar
- eventuell liste over vitskaplege publikasjonar
Alle dokument må vere på et skandinavisk språk, eller på engelsk. Kandidatar med dokumentasjon få utanalndske institusjonar må legge ved institusjonen si karaktersystemforklaring.
Vi tilbyr:
- moglegheit til å jobbe i ein av dei leiande marine forskingsinstitusjonane i Europa
- eit kreativt arbeidsmiljø
- lokalar sentralt i Bergen
- fleksible arbeidstider
- offentleg tenestepensjon gjennom Statens pensjonskasse
- bedriftshytter, treningsfasilitear og andre velferdsgoder
Ytterlegare informasjon
Stillinga er lønt som 1017 stipendiat, i samsvar med hovudtariffavtalane i staten, avhengig av kvalifikasjonane dine, og eigenskapar i stillinga. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Søknad skal sendast elektronisk via Jobbnorge.
Opplysningar om søkjarar kan bli offentliggjorte, sjølv om søkjar har bede om å vere unntatt søkjerlista. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand.
Havforskngsinstituttet er underlagt regelverket for eksportkontroll. Regelverket gjeld for handsamingav søknader til stillinga.
Søkjarar med utdanning frå utlandet kan bli beden om å framleggje NOKUT-godkjenning av utdanninga si.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Havforskingsinstituttet er eitt av dei største marine forskingsinstitutta i Europa, med vel 1000 tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv åtte eigne forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.
Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for å sikre ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, både nasjonalt og internasjonalt, og for heile kjeda frå hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
af9957e6-ac6c-44dc-abdb-ded5b08f1487
- Sist endret
10. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10273011
Lignende annonser
Avdelingsingeniør, Helgestilling deltid
Arbeidsgiver
Havforskningsinstituttet
Sted
Bergen
1085 avdelingsingeniør ved teknisk drift
Arbeidsgiver
Havforskningsinstituttet
Sted
Storebø
Postdoctoral Research Fellow: The genomic basis of thermal adaptation in a Simple Marine Chordate
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen