Hopp til innhold

Helgestilling i heimebasert omsorg

Arbeidsgiver

Helse og omsorg, Vanylven kommune

Sted

Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helgestilling i heimebasert omsorg
Oppstart
1. mars 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 13%
Arbeidstid
lørdag og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Er du student og vil kombinere studie med jobb? Er du ute etter ein ekstrajobb for meir erfaring?  Då har vi i heimebasert omsorg behov for deg! 

Vi har ledige stillingar på helg og søker no etter fleire kollegaer. Du vil jobbe saman med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar.

Pasientane bur i eigen heim og vi er opptatt av å hjelpe dei slik at dei kan bu heime lengst mogleg. Du vil vere med å gjere ein forskjell for menneske med varierande hjelpebehov. Vi utfører medisinksfaglege prosedyrer, stell og pleie, samt ernæringsoppfølging og praktisk hjelp. I heimebasert omsorg er du med å bidra i planlegginga av arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene er svært varierte. Du vil arbeide både i team og sjølvstendig. 

Heimebasert omsorg har to avdelingar; Fiskå og Syvdetun. 
Vi har ledige stillingar på helg på Fiskå. Muligheit for langvakter og årsturnus som gjer arbeidstida forutsigbar og komprimert. 
Stillingane er på ca. 13 %, inntil 20% ved langvakter.  

 

Vi ser fram til å få deg på laget! 

Ta kontakt med avdelingsleiar om du har spørsmål om stillinga.

Du må vere 18 år og ha sertifikat. 


Arbeidsoppgåver

  • Stell og pleie i heimen til pasient 
  • Medikamenthandtering
  • Dokumentasjon 
  • Samhandling med kollega, pasient og pårørande

Kvalifikasjonar

  • Gjerne helsefagleg utdanning eller under utdanning 
  • Interesse for helse og omsorg 
  • Beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Gode IKT-kunnskaper
  • Førarkort klasse B
  • Personlege eigenskapar

    • Du er omsorgsfull og har gode samarbeidsevner 
    • Du ønsker å gjere ein forskjell for andre menneske
    • Du kommuniserer godt og tek ansvar

     

    Vi tilbyr

    • Relevant erfaring for deg som er helsefagleg student 
    • Fleksibel arbeidstid
    • Godt arbeidsmiljø 
    • Lønn etter gjeldande tariff
    • Moglegheit for ekstravakter og sommarjobb 

    Kontaktinformasjon

    Julie Strand, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 97540039, julie.strand@vanylven.kommune.no

    Arbeidsstad

    Rådhusvegen 1
    6143 Fiskå

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vanylven kommune

    Referansenr.: 5068541618
    Stillingsprosent: 13%
    Fast
    Startdato: 01.03.2026
    Søknadsfrist: 08.02.2026

    Om bedriften

    Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar. 

    Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar. 
    Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar. 

    Velkomen til å søkje hjå oss! 

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    aed78220-950e-4426-b722-3a565805f55e

    Sist endret

    9. februar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    b224e21005984f2eb88b4accde407f21

    Lignende annonser