Rettleiar i sosiale tenester
Nav
Kulturhusvegen 19, 5430 Bremnes
Om jobben
- Oppstart
- 1. januar 2027
- Stillingstittel
- Rettleiar NAV
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest torsdag 19. november
Som rettleiar i sosiale tenester ved Nav Bømlo får du arbeide med sakshandsaming, økonomisk rådgjeving og tett oppfølging av menneske i ulike livssituasjonar. Du blir ein del av eit tverrfagleg team på 35 medarbeidarar som samarbeider om gode og heilskaplege løysingar for den enkelte og familien. Saman har me i Nav Bømlo ansvar for arbeidsretta oppfølging, sosiale tenester og busetting av nykomne flyktningar.
Me har ledig eit 100 % vikariat fram til 31. august 2028. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
I stillinga vil du følgje opp menneske som har behov for økonomisk og sosialfagleg bistand. Du vil arbeide med samtalar, kartlegging, sakshandsaming og rettleiing, og bidra til å finne gode løysingar saman med den enkelte. Arbeidet krev at du kan gjere sjølvstendige faglege vurderingar, samarbeide godt med andre og sjå den enkelte og familien i ein heilskapleg samanheng.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
- Kartleggje, rettleie og følgje opp menneske med samansette behov.
- Handsame søknader og gjere vedtak etter sosialtenestelova.
- Gi økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving.
- Vurdere og setje i verk tiltak som kan bidra til arbeid og aktivitet.
- Samarbeide med andre tenester for å sikre god og samordna oppfølging.
- Leggje vekt på barnet sitt beste i saker som gjeld familiar.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må påreknast.
Kvalifikasjonskrav:
- Bachelorgrad, fortrinnsvis innan sosialfag, for eksempel sosialt arbeid eller barnevern. Anna relevant bachelorgrad kan og bli vurdert.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Det er ønskjeleg at du har:
- Erfaring med økonomisk rådgjeving eller gjeldsrådgjeving.
- Relevant vidareutdanning.
- Erfaring frå sakshandsaming og offentleg forvaltning.
- Erfaring frå rettleiings- og oppfølgingsarbeid.
- Kjennskap til sosialtenestelova og forvaltningslova.
Personlege eigeskapar
Me ser etter deg som:
- Møter menneske på ein respektfull og tydeleg måte.
- Skaper tillit og gode relasjonar.
- Arbeider strukturert og prioriterer godt når du har fleire saker samtidig.
- Står stødig i krevjande samtalar og situasjonar.
- Samarbeider godt med kollegaer og andre tenester.
- Er løysingsorientert og tilpassar deg endringar i arbeidskvardagen.
Ved vurdering av søkjarar legg me vekt på utdanning, erfaring, personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ein framoverlent kommune.
- Eit levande fagmiljø med gode høve for fagleg og personleg utvikling saman med dyktige og trivelege kollegaer.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Bedriftshelseteneste.
- Medlemskap med tilsettegoder i den kommunale velferdsklubben.
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Synne Halleraker.
Kontaktinformasjon
Synne Halleraker, Avdelingsleiar, 91807383, synne.halleraker@nav.noElisabeth Haugen, Leiar, 91125279, elisabeth.haugen@nav.no
Arbeidsstad
Kulturhusvegen 195430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5156326556
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.08.2028
Søknadsfrist: 19.11.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ae74b4a5-b566-40a5-b481-e75fb76cc9d2
- Sist endret
30. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2ee34ce9d5fa4d1c9bd01ac1c7ff8de5