Vil du jobbe innan kontor og administrasjon?
Rettleiingstenesta Vestland sør, Vestland fylkeskommune
Vikastemmo 35, 5411 Stord
Om jobben
- Oppstart
- 4. januar 2027
- Stillingstittel
- Vil du jobbe innan kontor og administrasjon?
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 26. november
Rettleiingstenesta legg til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skular, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar og lærlingar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar, støtte ungdom utanfor opplæring, og rettleie vaksne. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift og vidaregåande opplæring for vaksne.
Rettleiingstenesta Vestland sør dekkjer kommunane Fitjar, Tysnes, Stord, Bømlo, Sveio, Etne, Kvinnherad og Ullensvang. Vi har kontorstad på Stord og ved dei vidaregåande skulane i vårt område.
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som kontormedarbeidar frå 4. januar 2027 med kontorstad på Stord. Stillinga er ei merkantil støttestilling som betyr mykje for heile tenesta. Med deg på laget får rådgjevarane tid til å bruke fagleg skjønn der det trengst mest, og du bidreg til høg kvalitet i tenestene våre.
Arbeidsoppgåver
Som kontormedarbeidar gir du praktisk og administrativ støtte til leiar og rådgjevarane ved å:
- handtere førespurnader til sentralbordet og besøk på kontoret
- registrere, fordele, journalføre og arkivere innkomen post i ulike sak- og arkivsystem
- innhente og sende opplysningar, utforme korrespondanse, bistå i rapportering og skrive referat frå møte
- gjennomføre innkjøp og fakturabehandling, og bidra i rekneskaps- og budsjettarbeid
- gi tilsette opplæring i bruk av ulike fagsystem
- leggje til rette for praktisk gjennomføring av møte og kurs
- ha praktisk ansvar for tenestebilane og køyre ved behov, t.d. i samband med innkjøp og transport
- hjelpe dei andre rettleiingstenestene i Vestland ved behov
- utføre andre arbeidsoppgåver som kan bli lagde til stillinga
Som kontormedarbeidar er du del av eit fagnettverk med dei merkantile i alle dei seks rettleiingstenestene i Vestland. Arbeidsoppgåvene krev at du kan organisere eige arbeid og jobbe sjølvstendig. Du må rekne med noko reiseverksemd til skular og samarbeidspartnarar i regionen.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har:
- relevant bachelorutdanning innan administrasjon, økonomi eller tilsvarande
- førarkort klasse B
- erfaring frå arbeid med eller kjennskap til målgruppene i rettleiingstenesta er ein fordel
- god kjennskap til vidaregåande opplæring
- kunnskap om lov, regelverk og offentleg forvalting
- gode digitale ferdigheiter
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- det er krav om politiattest før tilsetjing
Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som:
- er imøtekommande og serviceinnstilt
- er løysingsorientert, strukturert og har stor interesse for fagleg utvikling
- har evne til å samarbeide, men òg jobbe sjølvstendig
- er flink til å rettleie kollegaer
- er fleksibel, inkluderande og har evne til å byggje gode relasjonar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- løn etter avtale
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Ragnhild Ravna Skjærvik, leiar, 41432387, Ragnhild.Ravna.Skjaervik@vlfk.noArbeidsstad
Vikastemmo 355411 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5208950842
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 26.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8abee730-caaf-4cf3-93c8-ae6d026854ce
- Sist endret
11. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bd283fdd491d49979aca8658e90869e3