Hopp til innhold

Vil du vere med og forme framtidas kommune – i skjeringspunktet mellom leiing, samfunnsutvikling og politikk?

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Kvinnherad kommune

Sted

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Om jobben

Stillingstittel
Assisterande kommunedirektør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. desember

Vi søkjer ein strategisk og samlande assisterande kommunedirektør som ønskjer å bidra til vidare utvikling av kommunen som organisasjon og samfunnsaktør. Stillinga inngår i kommunedirektøren si leiargruppe og vil vere ein sentral pådrivar i arbeidet med å sikre gode tenester  til  innbyggjarane. 

Kommunen vår er kjenneteikna av storslått natur med fjord, fjell og variert kulturlandskap. Vi er ein aktiv samfunnsaktør med mange spennande utviklingsprosjekt, og vi ønskjer å leggje til rette for både næringsutvikling, gode oppvekstvilkår og attraktive bumiljø.

Hos oss vert du del av eit fleirfagleg arbeidsmiljø med høg kompetanse, godt samarbeid og støttande kollegaer, der vi jobbar saman for å levere gode tenester og utvikle kommunen vidare.

Som assisterande kommunedirektør vil du ha ei sentral rolle i toppleiinga, og bidra til heilskapleg leiing, samordning og utvikling av organisasjonen. Stillinga omfattar både strategiske og operative oppgåver, og kan innebere  ansvar for eigne fagområde og stabsfunksjonar.

Du vil arbeide tett med kommunalsjefane og øvrig leiing, og bidra til å utvikle kommunen i tråd med politiske vedtak, overordna mål og gjeldande regelverk.

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver
  • Personal- og budsjettansvar for stabsressursar innan administrative og faglege støtte- og utviklingsområde, i tråd med gjeldande organisering.
  • Overordna ansvar for kommunen sitt beredskapsarbeid:
    • koordinere heilskapleg beredskapsarbeid
    • utarbeide og følgje opp overordna beredskapsplanar og styringsdokument
    • sikre oppdaterte rutinar og varslingslister
  • Utarbeide tydelege og godt opplyste saksframlegg til politisk nivå, som gir eit solid grunnlag for gode avgjerder
  • Delta aktivt i kommunedirektøren si leiargruppe, med sektorovergripande ansvar og bidrag til strategisk utvikling
  • Følgje opp internkontroll og bidra til god styring og kvalitet i organisasjonen
Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har høgare relevant utdanning og solid leiarerfaring, gjerne frå offentleg sektor. Du har god forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon, og erfaring frå strategisk leiing og organisasjonsutvikling. Det er ein fordel med kunnskap om økonomistyring, beredskap eller andre sentrale kommunale ansvarsområde.

Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på at du er ein tydeleg og tillitsskapande leiar med gode samarbeidsevner, samt skapa motivasjon og engasjement. Du evnar å sjå heilskap, skape retning og gjennomføre endringar i samspel med andre. Du arbeider strukturert og analytisk, samstundes som du har evne til å vere fleksibel og løysingsorientert i ein kompleks kvardag. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Kvifor søkje hos oss?

Hos oss får du høve til å arbeide tett med både administrativ og politisk leiing og vere ein viktig bidragsytar i utviklinga av kommunen i åra som kjem. Du får ei sentral rolle i å bidra til gode og framtidsretta løysingar, med særleg merksemd på digitalisering, utvikling og effektivisering av tenestene. Vi tilbyr ei utfordrande og meiningsfull leiarstilling i eit engasjert fagmiljø, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.

I tillegg kan vi by på ein kvardag i ein kommune med rik natur, gode friluftsmoglegheiter og livskraftige lokalsamfunn – eit godt utgangspunkt for både arbeid og fritid.

Vi tilbyr
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter dagens reglar få sletta 25 000 kroner i året av studielånet.
  • I tillegg kan vi by på ein kvardag i ein kommune med rik natur, gode friluftsmoglegheitar og livskraftig lokalsamfunn - eit godt utgangspunkt for både arbeid og fritid.
  • Løn etter avtale

 

 

I samsvar med offentlegheitslova §25 gjer vi oppmerksam på at opplysingar om søkjarane kan bli offentleggjort sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Søkjarane vil i tilfelle bli kontakta på førehand.

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Yngvar Skarveland

Personalsjef

+47 91859215

yngvar.skarveland@kvinnherad.kommune.no

Om bedriften

Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3669c62d-650a-4476-89db-3fd908b4baef

Sist endret

23. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3654443_225141_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser