ID 2500 Avdelingsleiar ved Apalvegen bufelleskap - Eining for habilitering
Stord kommune
5417 Stord
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Vernepleiar, sjukepleiar, anna relevant sosialfagleg utdanning
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. desember
Apalvegen bufellesskap er eit bufellesskap for personer med psykiske helsevanskar. Bufellesskapet er organisert i Eining for habilitering. Personalet har høg fagleg kompetanse, og yt mange og varierte tenester saman med brukarane for at dei skal utvikla seg og ha god livskvalitet. Frå januar 2027 vil avdelinga vere organisert saman med eit omsorgsteam som gir døgntenester i ein privat bustad.
Eining for habilitering har ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar frå 01.01.27.I bufellesskapa våre ønskjer me å;
-
Skapa ein trygg og omsorgsfull heim
-
Gje god dagleg omsorg og sosial støtte
-
Leggje til rette miljøet for eigenmeistring
-
Bidra til eit godt samarbeid med pårørande
Arbeids- og ansvarsområde:
Avdelingsleiar har stadleg fagleg ansvar for tenestene til tenestemottakarane og personalansvar for dei tilsette i avdelingane. Leiar skal følgje opp Stord kommune sine visjonar og verdiar og eininga sine målsettingar og handlingsplanar.
Avdelingsleiar har ansvar for:-
Arbeida for eit godt arbeidsmiljø
-
Motivera og rettleia personale og medverka til at dei får utvikla seg, fagleg og personleg
-
Førebygging av sjukefråvær og oppfølging av sjukemeldte
-
Medverka til eit godt samarbeid med brukarar, pårørande, verneombod, tillitsvalde og andre samarbeidspartnerar
-
Ha fokus på effektiv ressursutnytting til beste for alle tenestemottakarane
-
Legga til rette for gode tenester i høve vedtak, økonomiske rammer, yrkesetiske retningsliner, etiske normer og gjeldande lovverk
-
Sørgja for at avdelinga skaper klima for tverrfagleg samarbeid, både i avdelinga og på tvers av avdelingar
-
Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar
-
Erfaring frå, og/eller interesse for, leiing. Leiarkompetanse og erfaring frå arbeid med brukargruppa er eit føremon.
-
Kunnskap og forståing av turnus, arbeidstidsordningar og lovverk knytt til dette.
-
Erfaring og kompetanse innan psykiatri
-
Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.
Me kan tilby:-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.
-
Offentleg tenestepensjon.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
150e4d6e-b8d5-41d0-b9c7-4793ff737ad2
- Sist endret
27. november 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
150e4d6e-b8d5-41d0-b9c7-4793ff737ad2