Helsefagarbeidar ved institusjonstenester
Aurland kommune
Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar ved institusjonstenester
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 13. juli
Om stillinga
Me har ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar. Stillinga er ved institusjonstenester, og tilsetjing er frå snarast.
Helsetunet har 24 plassar fordelt på tre avdelingar, korttid/langtid, sjukeheimsavdeling og avdeling for personar med kognitiv svikt.
Me har lyse og trivelege lokaler med gode fasilitetar og utstyr.
Her har vi eige kjøkken, der det blir laga god og næringsrik tradisjonsmat frå botnen av.
Institusjonstenesta er organisert under kommunalområde helse og omsorg. Det er om lag 30 tilsette ved institusjonen.
Me jobbar etter årsplan, som blir laga etter ynskje frå dei tilsette så langt det let seg gjere.
Håpar at du vil bu i den fine kommunen vår, passar det likevel ikkje for deg, så søk stillinga likevel. Me kan prøve å tilpasse vaktene slik at du kan pendle.
Arbeids- og ansvarsområde
- varierte arbeidsoppgåver som mellom anna personleg stell og pleie til pasient/brukar, ernæring, observasjon, primærkontakt o.a
- sårstell etter opplæring / prosedyre
- medikamenthandtering med godkjent medisinkurs
- førebygging og rehabilitering
- miljøarbeid og aktivitetar i lag med pasientane
- samarbeide om, og fylgje opp tiltaksplanar
- vurdering og kartlegging av behov
- dokumentering og rapportering i journalsystemet Visma profil
- rettleiing og opplæring av kolleger og lærlingar
- tverrfagleg samarbeid med andre som til dømes sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut og heimebaserte tenester
- halde deg fagleg oppdatert og delta på møter, kurs og internopplæring
I tillegg kan det bli delegert andre oppgåver frå mellom anna avdelingsleiar og sjukepleiar.
Me tilbyr
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter tariff
- 6 års tilleggsansiennitet (ved fagbrev)
- gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (førebels velferdstiltak )
- å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
- eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
- barnehageplass, for søknadsfrist og informasjon sjå her: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar
Søkarar som kan få fast tilsetjing:
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som er motivert til å jobbe innan eldreomsorg, og er engasjert og interessert i faget. Me søkjer deg som er fleksibel og løysingsorientert. Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og er opptatt av gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, at du tek initiativ, og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team. Me vonar du har godt humør, er til å stole på, og er engasjert. Likar du å arbeide i eit godt arbeidsmiljø med nye utfordringar, og i tillegg brenn for faget - då ynskjer me deg velkomen på laget vårt.
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg, eller langvakter kvar 4. helg. Dette etter ditt ynskje
- krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova av nyare dato
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Kontaktperson for stillingen
Ingrid Finden Bekkedal
avdelingsleiar institusjonstenester
+4795984639
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 860 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes kino, basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurantar, kaféar og bakeri.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ae653ddf-b8c5-4e5b-870d-81b64d3942f8
- Sist endret
24. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10300851