Stipendiat i ukrainsk ved Institutt for framandspråk
Universitetet i Bergen
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Stipendiat i ukrainsk
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. mai
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i ukrainsk ved Insitutt for fremmedspråk
Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i ukrainsk ved Institutt for framandspråk. Planlagd oppstart i oktober 2026, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.
I stillinga får du ein unik sjanse til å utvikle deg innan fagfeltet, bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø.
Om instituttet
Institutt for framandspråk (https://www.uib.no/fremmedsprak) har ni fagområde: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium og tysk. Instituttet har om lag seksti fast tilsette i vitskaplege stillingar, omkring tjue ph.d.- og postdoktorstillingar og elleve administrativt tilsette.
Stillinga er knytt til forskargruppa for austslaviske språk, samfunn og kulturar. Forskargruppa ønskjer å vere ein aktiv plattform og eit fagleg fellesskap for forsking, ph.d.-utdanning, prosjektutvikling, samarbeid og formidling innan felt som gjeld dei fleirspråklege og fleirkulturelle austslaviske samfunn og tilgrensande område i Aust-Europa og Eurasia. Sidan 2022 har fleire medlemmer i gruppa hatt Ukraina som hovudfokus, med særleg vekt på språket, historia og litteraturen i landet, og med prosjekt knytte til mellom anna språkpolitikk, språkleg kulturhistorie og litteratur i krigstid. Medlemmer av forskargruppa er òg engasjerte i å utvikle fleksible vidareutdanningstilbod i ukrainsk språk, samfunn og historie, med finansiering frå Direktoratet for høgare utdanninga og kompetanse (2025–2027), eit prosjekt som òg involverer prosjekttilsette Ukraina-spesialistar.
Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga
Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse.
Stillinga har ein samla periode på fire år:
- 2,5 år er sett av til arbeidet med doktorgradsprosjektet.
- 1 år er sett av til karrierefremjande arbeid innan undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga vert avtalt ved tilsetjing.
- Som stipendiat blir du tatt opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Søkjaren må ha:- Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan ukrainsk eller Ukraina-studiar, eller eit anna slavisk språk med ukrainsk i fagkretsen. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeidsevner.
- God munnleg og skriftleg meistring av engelsk er eit krav.
- God munnleg og skriftleg meistring av ukrainsk er eit krav.
- Kompetanse i eit anna slavisk språk er ein føremon.
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå Ph.d.-programmets pkt. 2.1.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, og ein framdriftsplan for prosjektet.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførlege dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og at søkjaren er personleg eigna for stillinga.
Hos oss får du
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
- Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
- Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
- Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 568 700 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, som har ei trygg tenestepensjonsordning, høve til uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillinga
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
- Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga.
- Under «CV», oppgi:
- Personalia.
- Relevante erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskapleg produksjon kan leggjast ved som separat dokument dersom du ønskjer det (publikasjonsliste).
- Språkferdigheiter.
- Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- Under «Vedlegg» skal du lasta følgjande opp som separate dokument:
- Prosjektskisse på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal tydeleg skildre det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og empiri som skal nyttast i prosjektet. Litteraturliste skal følgje prosjektskissa.
- Framdriftsplan for prosjektet som tek omsyn til karrierefremjande arbeid og opplæringsdelen i ph.d.-programmet.
- Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, skal dei lastast opp som vanlege filer. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som opplyser om oppgåva sitt omfang i ECTS.
- Kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
- Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
- Inntil tre fullstendige faglege publikasjonar kan leggjast ved dersom aktuelt.
- Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar.
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsetjingsprosessen her.Formelle reguleringar
- Kandidatar som tidlegare har hatt stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje stillinga.
- Tilsetjingsperioden kan bli redusert for kandidatar som tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon.
- Kandidatar som allereie har doktorgrad på fagområde som overlappar med utlysinga vil ikkje bli vurdert.
- Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Martin Paulsen, e-post m.paulsen@uib.no eller telefon 55 58 23 86 eller prosjektleiar Ingunn Lunde, e-post ingunn.lunde@uib.no eller telefon 93 22 38 54.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en om å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ae09eeb5-c1c8-4a2a-84bc-f08461324be0
- Sist endret
21. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10287898