Gruppeleiar
Kvam heimeteneste
Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund
Om jobben
- Stillingstittel
- Gruppeleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 6. november
Er du ein framtidsretta og løysingsorientert leiar som vil vera med og utvikla heimetenesta i Kvam?
Kvam heimeteneste gjev helsehjelp og praktisk bistand til omlag 200 brukarar som bur i området frå Kjepso til Ljones. Du vil leia ei personalgruppe med høg kompetanse og stor evne til å vera fleksible i arbeidskvardagen. Kvam heimeteneste har omlag 24 årsverk og saman med deg i leiarteamet har du assisterande gruppeleiar som også arbeider som sjukepleiar i gruppa.
Arbeidsoppgåver
- Drift- og utviklingsoppgåver innan fag, personal og økonomi
- Gje fagleg rettleiing til personalgruppa
- Driva og delta aktivt i kontinuerleg forbedringsarbeid og endringsarbeid i tenesta
- Bemanning- og arbeidstidsplanlegging i samarbeid med assisterande gruppeleiar og tillitsvalde
- Jobbe etter tenesta sine mål om å skape tenester for framtida der heimetenester er eit sentralt satsingsfelt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Leiarutdanning og/eller leiarerfaring innan helsesektoren er ei føremon. Dersom du ikkje har formell leiarutdanning, må du vera villig til å gjennomføre dette
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som
- har stor arbeidskapasitet, er fleksibel og ser løysingar
- har særs gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har fokus på systematisk arbeid med kontinuerleg utvikling av tenesta
- er ein god rollemodell og skaper engasjement og entusiasme i personalgruppa
- har fokus på- og ser verdien av- samarbeid og å sjå heilheit i heile pleie- og omsorgstenesta
- stillinga passar for deg som trivst med ein variert arbeidskvardag der du må løyse ulike utfordringar
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø der me jobbar godt saman for å utvikla kvarandre og tenestene
- Høve til personleg og fagleg utvikling
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak.
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Ingunn Kråkevik, konst. leiar for legetenesta, +47 459 77 148Arbeidsstad
Nedre Norheim 445600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5031260863
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Ingunn Kråkevik
konst. leiar for legetenesta
+47 459 77 148
Om bedriften
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ae043545-47a1-4e39-a2cc-bea851c542d9
- Sist endret
23. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9b20d67246fc4cf7b448ef7fe257344f
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Samnanger kommune
Sted
Tysse
Helgestillingar - Kalhagen bufellesskap og ambulante tenester
Arbeidsgiver
Kalhagen bufellesskap
Sted
Norheimsund
Avdelingsleiar, fastlege, sjukeheimslege
Arbeidsgiver
Samnanger kommune
Sted
Tysse