Helsefagarbeider/pleiemedarbeider
Fedje kommune
Mulevegen 18, 5947 Fedje, Stormarkvegen 49, 5947 Fedje
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider/pleiemedarbeider
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 22. april
Om stillinga
Arbeid i pleie og omsorg omfattar både sjukeheim, heimesjukepleie og omsorgsbustader. Fedje sjukeheim har tolv plassar, og vi har eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Pleie og omsorg har ein godt etablert kultur for kontinuerleg kvalitetsforbetring, kompetanseutvikling og refleksjon. Vegen til avgjerdene er korte, og moglegheitene for påverknad er store. Vi arbeider i ein tredelt turnus.
Vi søker deg som har eit ekte engasjement for eldre mennesker og ønsker å jobbe som helsefagarbeidar eller pleiemedarbeidar på Fedje sjukeheim. Vi har ledig fast stilling på 75% og 50%, med hovudvekt på kveld- og nattevakt.
Tilsette i deltidsstilling i Fedje kommune vert særskilt oppfordra til å søke.
Arbeidsoppgåver
- Heilskapleg omsorg og god pleie til våre bebuarane med vekt på aktivitetar og dei gylne augeblikka
- Rettleiing og hjelp til måltida, personleg hygiene og ulike aktivitetar
- Dokumentasjon iht. kvalitetskrav og lovverk
- Andre påkommande oppgåver
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon ved helsefagarbeidar
- Erfaring innafor pleie
- Norsk kunnskapar på minst nivå B1
- Det er ein fordel om du har førerkort til personbil
- Gyldig politiattest
Vi søker deg som
- Tør å ta ansvar, er positiv og løysingsorientert og liker å samarbeide
- Har forståing for at folk er ulike og viser tolmod og ro i omgang med brukar, pårørande og kollegaer
- Ser verdien av å jobbe tverrfagleg
- Er nysgjerrig på velferdsteknologi og kunnskapsbasert praksis
- Er oppteken av ditt eige ansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø
- Heldt deg fagleg oppdatert
- Er oppteken av system og forbetring
Personleg eignaheit vil verte vurdert spesielt og vil utgjere ein viktig faktor ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Utfordrande, meiningsfulle, varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver
- Moderne, digitale arbeidsverktøy
- Gratis barnehage og SFO
- Tilgang til svømmehall
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Tilsettings- og arbeidsvilkår i tråd med tariffavtale
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Moglegheit for tilrettelegging av turnus
- Kjekke kollegaer og det gode liv i landsbyen i havet!
Fedje - landsbyen i havet
Legg inn informasjon
Video: https://www.youtube.com/watch?v=ocTUJe9wMDoKontaktperson for stillingen
Om bedriften
FEDJE er ein liten øykommune ved ytste vestkyst av Hordaland. Det er i underkant av 550 fastbuande på øya. Fedje vert kalla «Landsbyen i havet» grunna folk bur tett i tett kring hamna i nord.Fedje er rik på historie og naturopplevingar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ad9f990b-c14c-4aec-b6cb-85cb931f6cbd
- Sist endret
1. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10290135