Hopp til innhold

Nyoppretta 100 % faste stillingar som helsefagarbeidar i Heimetenesta

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Familie- og Omsorgssenteret, Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg

Om jobben

Stillingstittel
Nyoppretta 100 % faste stillingar som helsefagarbeidar i Heimetenesta
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
4
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 25. mai

Om stillinga

Heimetenesta i Osterøy Kommune lyser ut fire nyoppretta 100 % faste stillingar som helsefagarbeidar frå 01.09.26 

Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Helsefagarbeidarar har eit fagleg ansvar på vakt. Dette
inneber faglege vurderingar, utføring av helsefaglege prosedyrar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og brukarar.


Dei ledige stillingane har 14-timars langvakter med arbeid kvar 4. helg. På langvakter har ein pause på 1,5 timar i løpet av vakta i tillegg til to lunsjpausar.


Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie og omsorg til heimebuande brukarar/pasientar i henhold til vedtak
  • Ha oversikt over brukarar, og prioritere arbeidsoppgåver frå eit heilhetssyn og bemanning 
  • Legemiddelhandtering 
  • Primærkontaktansvar 
  • Medansvarleg for kvalitetssikring og dokumentasjon av tenesta 
  • Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling 
  • Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar 
  • Veiledning av elevar og lærlingar i avdelinga 
  • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • God opplæring 
  • Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
  • Moglegheit til å delta i ulike utviklingsteam, til dømes E-helse Team
  • Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjonsvillkår
  • Ei av Noregs vakraste øyer som arbeidsstad

Kvalifikasjonskrav

  • Krav om autorisasjon som helsefagarbeidar 
  • Krav om å beherske vanleg IKT verktøy
  • Førarkort klasse B
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
  • Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd

Kven er du?

  • Du er autorisert helsefagarbeidar og har interesse for arbeid i heimetenesta. Du møter brukarar med respekt, tryggleik og varme, og set brukaren sine behov i sentrum. 
  • Du arbeider sjølvstendig, men trivst også med samarbeid i team. Du er fagleg engasjert, løysingsorientert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

  • Anna informasjon

    Stillinga har prøvetid på 6 månader i samsvar med kommunen sitt tilsetjingsreglement.

    Intervju for stillingane vil bli gjennomførte tirsdag 2. juni. Vi set pris på om du har høve til å møte då.


    Offentleg tenestepensjon

     I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

    Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

    Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 


    Kontaktpersoner for stillingen

    Linda Tepstad

    Avdelingsleiar Heimetenesta

    +4796625204

    linda.tepstad@osteroy.kommune.no

    Anne BS Jørgensen

    Einingsleiar Heimetenesta

    +4740806942

    anne.jorgensen@osteroy.kommune.no

    Om bedriften

    I Heimetenesta får du brukt faget ditt på ein spanande og variert måte. Her er ingen dag lik og du vil møte arbeidsoppgaver som pleie, legemiddelhandtering, medisinske prosedyrer, bistå brukere i livets siste fase, primærkontaktansvar og pårørandesamarbeid.  Heimetenester består av Heimetenesta, Hauge Omsorgsbustad, Haldorvika aktivitetssenter for personar med demens, Praktisk bistand og Forvaltningstenesta.Me er ein gjeng med stort engasjement, som ønskjer at våre tenester skal pregast av høg faglegheit og profesjonalitet til våre innbyggarar, deira pårørande og samarbeidspartnarar. Me jobbar mot framtida der mestings- og tryggleiksskapande teknologi, og det å bu heime heile livet står i fokus. Me heldt til i Familie- og Omsorgssenteret i Lonevåg. Me ser fram til å verte betre kjend med deg!

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    38c79d79-1751-42ad-bb42-8940ac9eea89

    Sist endret

    30. april 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10294014

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser