Hopp til innhold

Avdelingsleiar 100 % fast stilling

Arbeidsgiver

Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune

Sted

Helledalen 2, 6230 Sykkylven

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 19. mars

Vi lyser ut ei spanande leiarstilling med utviklingsmoglegheiter. Har du gode leiareigenskapar? Er du ein motivator og har evne til å sjå folk rundt deg?
Då kan dette vere stillinga for deg! Stillinga har oppstart frå 18.05.26.

Avdeling Barne- og avlastningtenestene ligg under Bu- og Rehabiliteringstenestene. Eininga har tre avdelingar, i tillegg til barne- og avlastningstenestene er det to avdelingar som yt tenester og har butilbod til vaksne og eitt dagsenter.

Formålet er å gje borna god omsorg, opplæring og tilrettelegging i dagleglivets gjeremål.
Vi har fokus på kompetanse og har det einskilde barnet i fokus. Det vert lagt vekt på brukarmedverknad og godt samarbeid med foresatte ut frå den einskilde sitt behov.
Dette er ei teneste i utvikling og du får vere med på å utvikle det framtidige tenestetilbodet. Frå juni 2025 stod ny barne - og avlastningsbustad klar, og vi flytta inn i totalrenoverte lokaler! Ein stor del av tenestene er no lokalisert der. I tillegg til barne- og avlastningsbustader vil du ha ansvar for støttekontakt, avlastning privat og avlastningstilbod før- og etter skuletid for born/unge i ungdomskulealder og oppover.


Arbeidsoppgåver

  • Du har delegert medansvar for økonomi,- personal,- og fagansvar for avdelinga
  • Samhandling med andre verksemder innad i kommunen, spesialisthelseteneste og andre eksterne samarbeidspartnarar er eit viktig ansvarsområde.
  • Opparbeide og vidareutvikle eit godt samarbeidsmiljø med tilsette, brukarar og pårørande
  • Opparbeide og vidareutvikle faget, med eit stabilt fagmiljø der kompetanseutvikling har fokus
  • Systematisk etisk refleksjon vert nytta som metodikk i møte med brukarnære etiske utfordringar
  • Utvikle ein lærande organisasjon med fokus på forbetringsarbeid
  • Du er aktiv i kvalitetsarbeid, internkontroll og utvikling av tenestene
  • Du er med på å sikre god ressursutnytting innanfor tildelte rammer
  • Turnusarbeid og turnusplanlegging
  • Du inngår i leiargruppa med dei andre avdelingsleiarane og einingsleiar 
  • Du har rapporteringsansvar for di avdeling til einingsleiar

Andre delegerte oppgåver frå einingsleiar

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent vernepleiar eller sjukepleiar 
  • Ynskjeleg med relevant vidareutdanning innan leiing eller vilje til å gjennomføre slik utdanning innan avtalt tid ( min 30 stp)
  • Relevant leiarerfaring
  • Erfaring /forståing for avtaleverket derav forståing/erfaring frå trepartsamarbeid med verneombod og tillitsvalde
  • Du har god økonomiforståing og god forståing for leiarrollen
  • Du har god kjennskap til lovverket vi yt tenester etter, inkludert Kap 9 HOTL
  • God kjennskap til turnusarbeid og turnusplanlegging
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Vi ynskjer ein avdelingsleiar som har tydelege leiareigenskapar, er sjølvstendig og målretta
  • Du bidreg til god dialog med avdelinga sine tilsette, brukarar og deira pårørande
  • Du er resultat og utviklingsorientert
  • Du har gode samarbeidsevner samt høg gjennomføringsevne
  • Du er strukturert, lojal og fleksibel
  • Du har evne til å stå i krevjande situasjoner over tid
  • Du ser verdien av innvolvering og gode prosessar
  • Førarkort klasse B
  • Personleg eignaheit vert vektlagd

Vi tilbyr

  • Varierte, utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Løn etter kommunale betingelser
  • Obligatorisk tenestepensjonsordning
  • Gunstige låne- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø
     

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Lisbeth Vinjevoll Schei, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, +4791009625, lisbeth.schei@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Helledalen 2
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5091260042
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Lisbeth Vinjevoll Schei

einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene

+4791009625

lisbeth.schei@sykkylven.kommune.no

Om bedriften

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ad3d1c6f-2409-4504-8bfb-2f197acaa4b6

Sist endret

5. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9c5c0ee36bfc4d4f97b03360703b9c5e

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Sanitetshjemmet bokollektiv, Ålesund kommune

Sted

Ålesund