Sjukepleiar og helsefagarbeidar 2 x 100 % fast stilling
Heimetenestene, Sykkylven kommune
Haugneset 16, 6230 Sykkylven
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar og helsefagarbeidar 100 % stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. april
Er du helsefagarbeidar eller sjukepleiar? Vi har no ledig:
- 100 % fast stilling som sjukepleiar
- 100 % stilling som helsefagarbeidar
Vi søkjer etter engasjerte og fagleg sterke medarbeidarar som ønskjer å bidra til gode og trygge helsetenester for våre innbyggjarar.
Vi legg stor vekt på fagleg utvikling, samarbeid og kvalitet i tenestene. Som tilsett hos oss vil du bli ein del av eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø med gode kollegaer, der samarbeid med pasientar og pårørande står sentralt. Vi ser etter deg som er strukturert, løysingsorientert og motivert for å halde deg fagleg oppdatert, og som ønskjer å bidra til utvikling av tenesta.
Heimetenestene held til i nye, moderne lokale saman med legetenestene og psykisk helse og rus, noko som legg til rette for tett samarbeid og fagleg utvikling.
Kom å bli med i gjengen vår!
Arbeidsoppgåver
- Utøve direkte helsehjelp til brukarar med vedtak om heimetenester
- Legemiddelhandtering
- Observere, dokumentere, og registrere etter gjeldande lovverk
- Handtere og følge opp digitalt tilsyn for brukarar med særskilt behov.
- Samarbeide tett med brukarar og pårørende
- Oppfølging av grunnleggande og avanserte sjukepleiefaglege prosedyrer, f.eks.: sårstell, medisinsk utstyr, stell av kateter og stomi, førstegangsvurderingar og heimebesøk hos nye brukarar, dialyse, infusjonsbehandling, PEG og sondemat m.m.
- Delta aktivt i fagutvikling og bidra til kunnskapsspredning i teamet.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
- Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
- Evne til å halde seg fagleg oppdatert
- Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
- Førarkort klasse B. Med moglegheit til å kunne nytte egen bil i tenesta - ved behov.
Personlege eigenskapar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Vere strukturert og løysingsorientert
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Vise fagleg engasjement
- Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
- Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Anne Britt Kurseth, avdelingsleiar, 48123591, anne.kurseth@sykkylven.kommune.noKanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, kanutte.roald@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Haugneset 166230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5105743128
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
602b9128-c8c5-41b0-88e0-d63e3baafdda
- Sist endret
9. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4acf89ec0a5047b487f6223044fed1cd