Sommarjobb for ungdom ved kommunalteknisk avdeling
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarjobb for ungdom ved kommunalteknisk avdeling
- Type ansettelse
- Sesong, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. april
Om stillinga
Vaksdal kommune har ledige sommarjobbar for ungdom ved kommunalteknisk drift.
Er du over 16 år, har arbeidslyst og pågangsmot? Då ønsker vi deg velkomen til å søke sommarjobb hos oss!
Vi har ledige stillingar for ungdom som ønsker å jobbe med varierte oppgåver innan kommunalteknisk drift. Arbeidet kan blant anna innhalde oppgåver knytt til kommunen sine anlegg og eigedomar.
Stillingane er 100 % i fire veker, med ei arbeidstid på 37,5 timar per veke. Vi søker etter:
- To ungdomar som kan jobbe i veke 26, 27, 28 og 29
- To ungdomar som kan jobbe i veke 30, 31, 32 og 33
Når du sender søknaden din, vennligst spesifiser kva periode du ønsker å jobbe om du har ei preferanse.
Arbeidsstad er i heile Vaksdal kommune, med oppmøtestad på teknisk stasjon på Dale.
Arbeidsoppgåver
- Slått av kommunale grøntareal
- Anna forefallande arbeid av kommunen sitt uteareal
Krav til kompetanse
- Du er over 16 år
- Du må være lærevilleg, punktleg og ha innsatsvilje
- Ønskeleg med førarkort klasse B
Vi tilbyr
- Arbeidserfaring
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn i tråd med tariff og lokale kompetansetillegg.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
acdc192a-536a-4c83-aca4-4d4a5b25404e
- Sist endret
17. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10282919
Lignende annonser
Sommarjobb i helse og meistring
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Sted
Vaksdal, Vaksdal, Dalekvam, Dalekvam
Ringevikar Reinhald
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Sted
Dalekvam
Lærling i Barne- og ungdomsarbeidarfaget
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Sted
Dalekvam