100% stilling som vernepleiar ved Mjøstølen avslastning
Ullensvang kommune Mjøstølen avlastning
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. januar
Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, søkjer ein engasjert og hjartevarm vernepleiar i 100 % fast stilling ved Mjøstølen avlastning. Du blir ein del av ei langvaktsordning på 12,5 timer, som gir deg gode moglegheiter for lange friperiodar – perfekt for deg som set pris på fjellturar, kaffi i solveggen eller ein velfortent pust i bakken. Arbeid kvar tredje helg inngår i turnusen.
På Mjøstølen møter du barn og unge vaksne med ulike funksjonsvariasjonar – og ikkje minst eit varmt og inkluderande kollegium som brenn for å skape tryggleik, gode opplevingar og fine, forutsigbare kvardagar. Lokala våre ligg sentralt ved Odda, med kort veg til både natur og butikk (og ja – vi veit kven som har tilbod på snacks).
Hos oss er vi opptatt av at både barn, foreldre og tilsette skal kjenne seg trygge og ivaretatte. Vi bruker humor i kvardagen, støttar kvarandre gjennom hektiske vakter og feirar dei små sigerane som betyr mykje. Du får kollegaer som spør «Kva treng du?» – og som gjerne deler både fagkunnskap og fredagssnop.
Arbeidsoppgåver
Som vernepleiar hos oss får du ein jobb som både rører, utfordrar og utviklar deg. Du vil mellom anna:
- Støtte brukarar i å meistre kvardagen – både dei store milepælane og dei små, viktige augeblikka
- Jobbe målretta med miljøarbeid og struktur
- Handtere legemiddel (ikkje medan du dansar – men me set pris på godt humør!)
- Rettleiie og samarbeide tett med pårørande
- Utarbeide, vidareutvikle og følgje opp rutinar
- Bidra aktivt inn i eit fagmiljø som stadig er i utvikling
- Jobbe døgn- og langvakter, med arbeid kvar 3. helg
Kvalifikasjonar
- Offentlig godkjend vernepleiar. Sjukepleiarar og andre med relevant 3-årig utdanning er også velkomne til å søkje
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Erfaring med rettleiing er ein fordel
- Erfaring med IT-verktøy og dokumentasjon
- Erfaring med utfordrande eller utagerande åtferd
- er fagleg trygg, engasjert og brenn for arbeidet ditt
- er systematisk og fleksibel
- bruker humor og varme i møte med både brukarar og kollegaer
- er positiv, løysingsorientert og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Vi ser etter ein som ikkje berre ønskjer ein jobb – men ei arbeidsgruppe å trivast og vekse saman med.
Vi tilbyr- Ein arbeidsplass som tek både fag og fellesskap på alvor
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Løn etter hovudtariffavtalen
- God støtte til kompetanseheving – vi heiar på utvikling!
- IA-bedrift med gode pensjons- og permisjonsordningar
- Kr 25 000 i tillegg til tariffløn for vernepleiar/sjukepleiar i turnus
- Hjelp til å skaffe tak over hovudet hvis du pendlar eller kjem flyttande
- Eigen rekrutteringsavtale for vernepleiarar og sjukepleiarar
Krav
Politiattest
Oppstart: Snarast eller etter avtale.
Kontaktperson: Liv Helen Mårstig, Konstituert avdelingsleiar, liv.marstig@ullensvang.kommune.no Tlf: 48 10 23 74
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
acd4c57b-91b2-4101-a7f6-a41355d2b557
- Sist endret
11. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3573925_250471_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Broto
Sted
Kinsarvik
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Broto
Sted
Kinsarvik
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Rus og psykisk helse
Sted
Odda