Er du ei nattugle som trivst når resten av Bømlo søv?
Askebærhaugen, Bømlo kommune
Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøarbeidar natt
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Arbeidstid
- Turnus, natt
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. august
Er du ei nattugle som trivst når resten av Bømlo søv? Då kan dette vere draumejobben din!
Habiliteringstenesta i Bømlo kommune har ledig ei fast 80 % stilling som miljøarbeidar på natt ved Haugen/Askebærhaugen.
Me ser etter ein fagleg trygg og engasjert miljøarbeidar. Du er oppteken av meistring, utvikling og sjølvbestemming, og ønskjer å bidra til trygge rammer i tenestemottakarane sin eigen heim.
Habilitering gir tilbod til personar med utviklingshemming og omfattande behov. Me har for tida omlag 128 årsverk som yt heildøgns tenester i 10 burettslag og dagtilbod. Hos oss blir du del av eit engasjert team som jobbar for å skape gode liv og tenester gjennom tryggleik, omsorg og fagleg kvalitet.
Stillinga inngår i ei årsturnusordning. Turnusen følgjer i hovudsak eit mønster med fire nattevakter, sju dagar fri og deretter tre nattevakter. Årsturnus inneber at arbeidsmengda kan variere gjennom året, og at det i enkelte periodar kan vere fleire vakter enn i andre.
Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Utføra tiltak og prosedyrar med fokus på målretta miljøarbeid.
- Yta praktisk bistand til rettleiing i dei daglege gjeremåla, samt leggja til rette for god omsorg og utvikling for den einskilde tjenestemottakar.
- Journalføring og arbeid opp mot gjeldande lovverk.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev innan helse- og sosialfag. Søkjarar utan formell kompetanse kan bli vurdert, der relevant erfaring/praksis vert vektlagt.
- Norsk kunnskapar tilsvarende nasjonal norskprøve på nivå B1 for fagarbeidarar og ufaglærte.
Det er krav om gyldig politiattest for teneste hjå personar med utviklingshemming jfr. Hol §5-4 a.
Ønskelege kvalifikasjonar:
- Arbeidserfaring med målretta miljøarbeid og personar med utviklingshemming.
- Erfaring med åtferd som utfordrar.
- Erfaring med bruk av journalsystem.
- Kjennskap til helse og omsorgstenestelova kap. 9.
- Sertifikat klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe både i team og sjølvstendig.
- Du beheld roen og kan handtere uforutsette situasjonar på ein trygg måte.
- Du har god observasjonsevne og forstår betydninga av presis og fagleg dokumentasjon.
- Du er ansvarsbevisst og har eit løysingsorientert blikk på utfordringar.
- Du har evne til å skape tryggleik og tillit – både for brukarar, pårørande og kollegaer.
- Du er i god fysisk form og klar for ein aktiv arbeidskvardag.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver.
- Faglege og personlege utfordringar i eit trygt arbeidsmiljø.
- Moglegheit for utvikling og kompetanseheving.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Tilbod om medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Anna informasjon
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. For denne stillinga oppmodar me spesielt menn til å søkja.
- Vi gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vera særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar.
Kontaktinformasjon
Før veke 33: Hilde Mæland, Avdelingsleiar, 950 25 220, hilde.maeland@bomlo.kommune.noFrå veke 33: Sandra Thorsheim, Avdelingsleiar, 459 70 897, thorsheim@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Leirdalen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5157043063
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ac935e79-aa63-4cf7-b030-3f30c24568aa
- Sist endret
24. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1d067e69e63649b7a1bfe96433ab2f1f