Hopp til innhold

Driftskoordinator Spisestua

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Jonas Lies vei 69, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Driftskoordinator i Spisestua
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. mars

Driftskoordinator Vi søker ein engasjert og tydeleg driftskoordinator til Spisestua. Som driftskoordinator får du ei operativ og viktig rolle i å sikre god drift, høg kvalitet og eit arbeidsmiljø der folk trivst. Du er bindeleddet mellom medarbeidarar og leiing, og bidrar til at seksjonen når måla sine.

Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har nøgde medarbeidarar og brukarar.

Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komme i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov. Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar. Spisestuene er open frå kl. 07.00 - 22.00 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader.

Sjukdomsrelatert underernæring er vanleg hos pasientar som blir innlagd på sjukehus. Dette fører til unødig høg førekomst av komplikasjonar, og kan vere med på å forlenge sjukehusopphaldet. Den fremste oppgåva for våre matvertar er å påverke pasientane til å ete og ta til seg næring. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinere den daglege drifta internt og eksternt
  • Sikre god ressursforvaltning (personell, utstyr og bygg)
  • Støtte seksjonsleiar i gjennomføring av driftsoppgåver
  • Ha oversikt og delta aktivt i den daglege drifta
  • Opplæring, motivasjon og utvikling av medarbeiderne

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som kokk
  • Erfaring frå drift, teamleiing eller koordinering
  • God forståing for IK-mat og HMS
  • Gode IT- og systemferdigheiter
  • Erfaring frå matforsyning, kantine, kjøkken eller tilsvarande er ein fordel
  • Peronlege eigeskaper
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som:

  • Er engasjert og motiverande
  • Er rettferdig, tydeleg og klar i kommunikasjonen
  • Er synleg og tilgjengeleg i drifta
  • Er påliteleg, imøtekomande og løysingsorientert (PIL)
  • Er lojal til rutinar og vedtaka som blir gjorde
  • Trivst i rolla som støtte for både leiing og medarbeidarar

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle i ein viktig del av sjukehuset sine støttetenester
  • Varierte oppgåver og høve til å påverke utviklinga av Spisestua
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Faglege utviklingsmoglegheiter
  • Løn etter gjeldande avtaleverk

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

aba6431b-9c8e-4558-8a8c-652ee201f40a

Sist endret

16. mars 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

451959689

Lignende annonser

Laster lignende annonser