Hopp til innhold

Vil du vere med å forme framtida for barn og unge i Fyresdal?

Arbeidsgiver

Fyresdal kommune

Sted

3870 Fyresdal

Om jobben

Stillingstittel
Kommunalsjef kultur og oppvekst
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Fyresdal kommune er ein liten kommune med store vyar. Takka vere stor datasenteretablering og god næringsutvikling forventast folketalet å vekse vesentleg dei næraste åra.

Kommunen søkjer nå ein engasjert og strategisk kommunalsjef for kultur og oppvekst som vil spele ei nøkkelrolle i utviklinga av gode oppvekst- og kulturtilbod for innbyggjarane våre. Dette er ei spanande leiarstilling med ansvar for eit samla tenesteområde som omfattar barnehage, skule og kultur.

Som kommunalsjef får du overordna ansvar for barnehage, grunnskule med om lag 145 elevar, samt kulturtenestene våre som omfattar bibliotek, kulturskule og ungdomsklubb. Du har også ansvaret for vaksenopplæring, regionalt samarbeid med PPT og barnevern, samt logopedinnleige. Stillinga er sentral i kommunen si leiargruppe og rapporterer til kommunedirektøren. Du vil ha ei viktig rolle i å sikre gode tenester, vidareutvikle fagområda og bidra til heilskapleg samfunnsutvikling i kommunen. Du vil bidra strategisk inn i kommunedirektøren si leiargruppe, sikre godt samspel mellom fag og politikk, samt sikre god økonomistyring, effektiv ressursbruk og heilskapleg tenesteutvikling.

Du har minimum treårig utdanning med pedagogikk i fagkrinsen. Det er vidare ønskeleg med utdanning eller erfaring frå arbeid med administrasjon og økonomi. Du har også god forståing for offentleg forvaltning og arbeid med overordna planar. For å lykkast trur me og at det er ein fordel å ha erfaring frå leiing av fagpersonar med høg fagleg kompetanse.

Vi ser etter ein tydeleg og inkluderande leiar med evne til å motivere og utvikle medarbeidarar og leiarar. Du er nytenkande og flink til å skapa og ivareta gode relasjonar. Du arbeider strukturert, er strategisk orientert og har eit sterkt engasjement og pedagogisk tilnærming i ditt arbeid for barn, unge og kultur.

Fyresdal kommune kan tilby ei sentral og meiningsfull leiarstilling i ein liten og oversiktleg kommune med korte avstandar og gode samarbeidsrelasjonar. Du vil få høve til å påverke utviklinga av tenestene og bidra til å skape eit godt lokalsamfunn for både tilsette og innbyggjarar.

Høyrest dette spennande ut?
Ta kontakt med våre rådgjevarar i Headvisor, Morten G. Aggvin (+47 410 47 125) eller Kristin Haugen Lindbak (+47 971 55 441) dersom du ønsker meir informasjon om stillinga.

Om bedriften

Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med tydelege ambisjonar. Med slagordet "Vekst og vilje" arbeider vi målretta for å skape eit attraktivt og berekraftig lokalsamfunn -- for innbyggarar, næringsliv og tilsette. Kommunen satsar offensivt på bulyst, næringsutvikling og innovasjon. I tett samarbeid med næringsliv og kunnskapsmiljø ynskjer vi å legge til rette for nye arbeidsplassar, framtidsretta tenester og berekraftig vekst. Prosjektet med eit hyperskala datasenter på Molandsmoen i Fyresdal har fått internasjonal merksemd -- eit gigantisk datasenter i ei lita bygd! Prosjektet vil kunne bidra til langsiktig industriell utvikling, betydeleg byggeaktivitet og styrkt næringsgrunnlag i regionen.

Kommunen ligg sentralt plassert i Telemark fylke og hadde ved utgangen av 2025 eit folketal på 1274.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

aba205cd-17d6-4b06-8990-31903bad7000

Sist endret

20. mai 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

463722336

Lignende annonser

Laster lignende annonser