Hopp til innhold

Assistent

Arbeidsgiver

Operasjonsenhet Stord sjukehus

Sted

Tysevegen 64, 5416 Stord

Om jobben

Stillingstittel
Assistent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 20. februar

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som assistent ved Operasjonseininga på Stord sjukehus. Du blir ein viktig del av teamet vårt, og vi søkjer deg som ønsker ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.

Vi ser etter deg som trivst i eit strukturert og fagleg sterkt miljø, og som vil bidra til trygg pasientbehandling gjennom kvalitet i alle ledd. Som assistent har du mellom anna ansvar for at medisinsk utstyr blir korrekt reingjort, kontrollert, pakka og sterilisert før bruk på pasientar.

Du har auge for detaljar, er nøyaktig og likar å arbeide systematisk. Du blir ein sentral del av eit team som samarbeider tett med operasjons- og anestesiavdelinga, samt anna klinisk personell, for å sikre at alt utstyr alltid er klart til bruk.


Kva går jobben ut på?

  • Mottak og demontering av ureine instrument til reingjering og desinfeksjon.
  • Kontroll og vedlikehald av kirurgiske instrument.
  • Pakking, sterilisering og resterilisering.
  • Klargjering av utstyr til operasjonar og lagerkontroll av fleirgongs- og eingongsutstyr.
  • Bidra til reinhald på operasjons- og anestesiavdelinga.
  • Bestilling av varer i LIBRA, varemottak og påplassering av varer.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Erfaring frå liknande avdeling er ønskeleg. 
  • Opplæring vil bli gitt i avdelinga. Det er ønskjeleg at du på sikt tek fagbrev som sterilforsyningsteknikar.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Gode generelle IT-ferdigheiter.
  • Erfaring frå sterilforsyning, T-Doc eller smittevern er ein fordel.
  • Du gjer deg forstått på norsk (nivå B2), både skriftleg og munnleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er praktisk og løysingsorientert
  • arbeider sjølvstendig og tek ansvar
  • har god arbeidskapasitet og meistrar ein fysisk krevjande jobb
  • trivst med å arbeide i tverrfaglege team
  • har god forståing for hygieniske prinsipp
  • er villig til å tileigne deg ny kunnskap og dele erfaringar med andre

Vi tilbyr

  • Medlemskap i pensjonsordning med 2 % pensjonstrekk. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
  • Dagarbeid måndag til fredag per dags dato. Det kan på sikt bli endringar i arbeidstid/turnus og struktur i klinikken.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Gunvor Bye, Funksjonsleiar, 45454628, gunvor.bye@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5076259035
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Gunvor Bye

Funksjonsleiar

45454628

gunvor.bye@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

aa8829d5-9f80-4769-801d-3b315eee1a5d

Sist endret

6. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4af4331fb92c47ceb7e40ed7b81f18a1

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Føde, barsel- og gynekologisk post, Stord Sjukehus

Sted

Stord