Sommarjobb som butikkmedarbeidar
Norway`s best
5745 Aurland
Om jobben
- Stillingstittel
- Butikkmedarbeider
- Type ansettelse
- Sesong, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk, skandinavisk eller engelsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Er du på jakt etter ein kjekk, sosial og meiningsfull sommarjobb i heilt spesielle omgjevnader?
Norway’s Best AS har no ledige sommarstillingar som butikkmedarbeidar hos Aurlandskoen i Aurland og Flåm. Me ser etter blide og serviceinnstilte folk som har lyst på arbeidserfaring, nye møte og gode opplevingar gjennom sommaren.
Når du jobbar hos Aurlandskoen, blir du ein del av den siste handverksfabrikken for sko i Noreg. Aurlandskoen er både skofabrikk, økomuseum og butikk – ein stad der gjester får oppleve ekte norsk handverk på nært hald. Du møter besøkande frå heile verda, deler historia bak skoproduksjonen og hjelper kundar med å finne handlaga kvalitetsprodukt som sko, vesker og tilbehøyr, laga lokalt i Aurland.
Me ser gjerne etter lokale ungdommar, eller deg som er nysgjerrig på reiseliv og likar å jobbe med menneske. Er du glad i å prate med folk og trivst med å skape gode opplevingar? Då kan dette vere jobben for deg!
Dette kjem du til å gjere:
- Gje hyggeleg og personleg kundeservice til kundar og gjester
- Sørgje for at butikken er ryddig, innbydande og godt fylt
- Betene kasseapparat
- Vere vertskap for skomuseet og ta imot besøkande
Språk:
- Du må meistre norsk eller eit skandinavisk språk, både munnleg og skriftleg
- Du må kunne engelsk munnleg
Arbeidstid:
Sommarsesongen 2026 – frå april til september.
Me har fleire ledige stillingar, og oppstart og sluttdato vert avtala individuelt.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar me du sender inn ein søknad og blir ein del av Aurlandskoen-laget!
Norway’s best Group AS (NBG) er eit leiande norsk reiselivskonsern, med nokre av Norges mest spektakulære natur- og kulturbaserte reiseopplevingar i sin portefølje. Vår hovudaktivitet foregår i Flåm og Myrkdalen. Med fyrtårnprodukta Flåmsbana og UNESCO-området Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei mest populære reisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen har vi den største skidestinasjonen på Vestlandet. I tillegg har selskapet aktivitet i Aurland, Lærdal, Geiranger og Oslo. NBG har ein omsetnad på vel 850 MNOK, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Konsernet eig Myrkdalen Fjellandsby, The Fjords og 50% av Flåmsbana. Gjennom dotterselskapet Norway’s best AS eig og driftar konsernet fire hotell, 14 restaurantar, to bakeri, i tillegg til Flåmsbanamuseet og Aurland Skofabrikk. Selskapet har også ein stor kommersiell avdeling som marknadsfører og seljer våre og andre aktørar sine produkt til gjester over heile verda. I Norway’s best Group AS verdset vi naturen, miljøet og dei lokalsamfunna vi opererer i. Ved å gjere vårt ytterste for å redusere vår miljøpåverknad og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer vi å bidra til ei framtidsretta og berekraftig reiselivsnæring. Våre ansatte er kjernen i verksemda og vi ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aa66b499-a682-47f4-9db9-0b75b1fb2197
- Sist endret
5. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
be71f16c37074fd49bc714896f17f187
Lignende annonser
Shop assistant
Arbeidsgiver
Norway`s best
Sted
Flåm
Butikkmedarbeider
Arbeidsgiver
Norway's best AS
Sted
Flåm
Butikkassistent, detailhandel
Arbeidsgiver
Norsk Natursenter As
Sted
Øvre Eidfjord, Vestland
Butikkansatt
Arbeidsgiver
Gudvangen Fjordtell
Sted
Gudvangen