Hopp til innhold

Barnevernsleiar – fast 100 % i Lesja og Dovre barnevernstjeneste

Arbeidsgiver

Barneverntjenesten I Lesja Dovre

Sted

Jakup B Klukstadveg 32, 2665 Lesja

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleder barneverntjenesten
Oppstart
1. april 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

Lesja/Dovre barnevernsteneste

Fra: 01.04.2026 evt. etter avtale

🌄 Tenk deg ein kommune omgitt av fantastiske fjell og store friluftsmoglegheiter!
Lesja kommune ligg lengst nord i Gudbrandsdalen, med kort veg til kultur, idrett, jakt og fiske. Kommunen satsar på næringsutvikling og tilflytting, og gjennom Levande Lesja er det skapt ein arena for utvikling og skapartrong. Gode bustadtilbod og sterke resultat i barnehage og skule gjer Lesja til ein attraktiv stad å bu og arbeide.

🏢 Om barnevernstenesta

Barnevernstenesta i Lesja og Dovre er ei interkommunal teneste der Lesja er vertskommune.
Tjenesta held til i nye, moderne lokale i Lesja kommunehus, og har i tillegg kontor- og møteromsfasilitetar på Helsehuset på Dombås.
Tjenesta har om lag 7 årsverk.
Kommunalsjef helse og oppvekst er næraste overordna for barnevernsleiar.

Vi søkjer ein tydeleg, fagleg sterk og samlande leiar som skapar engasjement og tryggleik i avdelinga, og som står godt i krevjande situasjonar.

🎯 Hovudarbeidsoppgåver
  • Personal-, fag- og økonomiansvar
  • Leiaransvar med oppfølging og rettleiing av medarbeidarar
  • Vedtaksmyndigheit innan barnevernsområdet
  • Sikre at tenesta oppfyller alle lov- og forskriftskrav
  • Kvalitetssikring og internkontroll
  • HMS-ansvar for avdelinga
  • Rapportering og statistikk
  • Fagleg utviklingsarbeid
  • 🎓 Ønskte kvalifikasjonar
  • Minimum 3-årig relevant høgskuleutdanning, primært barnevernspedagog eller sosionom
  • Erfaring frå arbeid i barnevernet
  • God kjennskap til lovverk og retningslinjer på barnevernsfeltet
  • Relevant vidareutdanning innan barnevern, administrasjon og/eller leiing er ein fordel
  • Leiarerfaring
  • Kompetanse på kommunal økonomi
  • Førarkort klasse B
  • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
  • Tenesta disponerer kommunale bilar.
    Noko reiseverksemd og ettermiddag-/kveldsarbeid må påreknast.

    🌟 Personlege eigenskapar

    Vi søkjer ein leiar som er:

  • Trygg og tydeleg i kommunikasjon og leiarrolle
  • Strukturert, fleksibel og med god relasjonskompetanse
  • Raus i møte med barn og foreldre
  • Serviceinnstilt og god til å sjå både eigne og andres styrkar
  • God skriftleg og munnleg formidlar
  • Resultatretta, ansvarleg og fagleg engasjert
  • 🎁 Vi tilbyr
  • Ei meiningsfull og utfordrande leiarstilling innan eit viktig samfunnsområde
  • Moglegheit til å påverke utviklinga av organisasjonen og tenestene
  • Ei barnevernsteneste med dyktige og dedikerte medarbeidarar
  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter avtale
  • 📞 Kontaktinformasjon

    Tone Merete Kirkestuen, vikarierande leiar Lesja og Dovre barnevern
    📱 990 98 781

    Elisabeth Nerli, kommunalsjef helse og oppvekst
    📱 928 02 537

    Dagfinn Rognerud, HR-rådgivar
    📱 404 13 600

    📝 Korleis søkje?

    Send søknad elektronisk via www.lesja.kommune.no (lenke til ledige stillingar).
    Søknadar som ikkje blir sendt via vårt elektroniske søknadsskjema, blir ikkje vurdert.

    Søknadsfrist: 08.03.2026
    Ønskt tiltreding: 01.04.2025

    Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest (barneomsorgsattest) før oppstart, jf. barnevernsloven § 6‑10 og politiregisterloven § 39.
    Opplysningar om søkar kan bli offentleggjort sjølv om det er bede om unntak, jf. Offl. § 25.
    Søknadspapir blir ikkje returnert.

    Om bedriften

    Barneverntjenesten i Lesja og Dovre er ei interkommunal teneste som arbeider for at barn og unge skal få tryggleik, omsorg og rett hjelp til rett tid. Tenesta held til i moderne lokale i Lesja kommunehus. Vi jobbar førebyggjande, gjer undersøkingar og tilbyr tiltak som sikrar forsvarleg oppfølging av barn, familiar og fosterheimar.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    aa248585-3855-4a3f-b854-4fa3eb274b62

    Sist endret

    26. februar 2026

    Hentet fra

    Stillingsregistrering

    Referanse

    aa248585-3855-4a3f-b854-4fa3eb274b62

    Lignende annonser