LIS-vikarar sommaren 2026
Nevrologisk seksjon, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
LIS-vikarar sommar 2026
Oppstart
22. juni 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Vi søkjer LIS-vikarar til nevrologisk seksjon, sommaren 2026.
Nevrologisk seksjon er ein seksjon under avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering, og har ansvar for utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med eit breitt spekter av nevrologiske sjukdommar. Vi har sengepost med 14 sengeplasser, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium og fagsjukepleiarar innan epilepsi, parkinson, slag, hjernekreft og MS. Vi har ny og moderne sengepost med einerom til alle våre pasientar og gode arbeidsforhold for våre tilsette.
LIS går 7-delt vakt. Det er tilstedeværande vakt heile døgnet, med fri dagen etter vakt. Overlegane går per tid 5-delt vakt. Aktiv tid for bakvakt er kl 19 kvardagar, kl 10-16 i helger og helligdagar.
Vi har behov for supplering med LIS-vikarar i ferieperioden 22.06.2026 - 23.08.2026.
Skriv i søknaden konkret kva periode det er ønskjeleg å jobbe.
Studentar med lisens kan søkje, i tillegg til medisinske kandidatar som er klare for LIS1-teneste.
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Vere legestudent med lisens eller utdanna lege klar for LIS1-teneste
- Må ha hatt praksis i norske sjukehus
- Relevant sjukehuserfaring og kjennskap til DIPS og MEONA er ønskjeleg
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og vilje til å bidra i eit tverrfagleg miljø
- Evne til å ta initiativ og vere løysingsorientert
- Engasjert og med pasienten i fokus
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg og personlig utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Hjelp med å skaffe bustad
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elin Seim, Seksjonsleiar, +47 406 38 408Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5025831910
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 23.08.2026
Søknadsfrist: 04.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Elin Seim
Seksjonsleiar
+47 406 38 408
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a9d29a8e-7509-48c4-bbc2-6bce6a44e284
- Hentet fra
talentech
- Referanse
546597a25c4340e784686b7b21938684