Sjukepleiar? Bli en del av teamet ved Hjartepost og MIO
Hjartepost og MIO - Haugesund sjukehus
Karmsundgaten 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
18. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Har du interesse for hjartepasientar, avansert overvaking og akuttmedisin? Ønskjer du å vidareutvikle din kliniske kompetanse i eit fagleg sterkt og samarbeidande miljø? Då kan dette vere stillinga for deg!
Hjarteposten og MIO er ein del av Hjarte- og lungeseksjonen og består av ein kardiologisk sengepost og ei medisinsk intermediær overvaking (MIO). Per i dag er det 9 senger på Hjarteposten og 6 senger på MIO.
Hos oss møter du eit spennande pasientgrunnlag med behov for både basal og avansert behandling.
Ved Hjarteposten behandlar vi pasientar med hjartesjukdommar som akutt/trugande hjarteinfarkt, arytmiproblematikk, behov for pacemaker, hjartesvikt og andre hjartelidingar. MIO tek seg av pasientar som treng overvaking, inkludert pasientar med sepsis, ketoacidose, forgifting, hjerneinfarkt, arytmi, elektrolyttforstyrringar og respirasjonsproblem som krev nin-invasiv respirasjonsstøtte. MIO bemannar også sjukehuset sin scop-/telemetrisentral, og scopvakta er ein del av hjartestans-teamet.
Vi arbeider i team, der ulike yrkesgrupper samarbeider tett for å gi best mogleg kvalitet i pasientbehandlinga. Kvalitet og læring står sentralt. I avdelinga har vi eigne fasilitatorar som sikrar årlege AHLR-simuleringar, i tillegg til vekentlege simuleringar knytt til NEWS og akutte situasjonar.
Vi har også ein hjartepoliklinikk med høg aktivitet, om lag 8000 årlege konsultasjonar. På poliklinikken arbeider dedikerte sjukepleiarar, fleire spesialiserte innan fagområde som hjartesvikt, arytmi og pacemaker.
Vil du vere med og forme framtida til Hjartepost og MIO?
Avdelinga er i spennande utvikling – vi skal flytte inn i nyoppussa lokale og byggje opp eit sterkt og samkøyrt tilbod saman. No ser vi etter ein sjukepleiar som vil vere med å skape ein trygg, fagleg sterk og varm Hjartepost/MIO for pasientane våre.
👉 Er det deg vi leitar etter? Søk no – eller ta kontakt om du vil vite meir!
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, behandling, overvaking og pleie av pasientar
- Iverksetjing av sjukepleietiltak
- Medikamenthandtering
- Bruk av medisinsk teknisk utstyr
- Samarbeid med kommunar
- Oppfølging av pårørande
- Veiledning av studentar og kollegaer
- Tverrfagleg samarbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant sjukehuserfaring er ein fordel
- Kjennskap til hjartepasientar og akutt kritisk sjuke
- Fagleg engasjert og interessert
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestådd norsktest på B2-nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- trivs med å arbeide med mennesker
- bidrar til gode og trygge pasientforløp
- har evne til å motivere og engasjere
- kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- held deg roleg og objektiv i stressande eller krevande situasjoner
- tek ansvar for eigne oppgåver
- kan arbeide sjølvstendig og i team
- ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Kvifor skal du velje oss?
- Som nytilsett får du eit tilpassa opplæringsprogram slik at du skal føle deg trygg og ivaretatt
- Vi har ein 12-månaders kalenderplan som gir deg høve til involvering og god forutsigbarheit
- Hos oss er fagkompetanse viktig, og vi støttar relevante vidareutdanningar, mellom anna innan kardiologi, intensiv og palliasjon
- Du får fordypningsdagar, fagdagar og simuleringstreninger kvart år
- Vi har kombinasjonsstillingar mellom Hjertepost, MIO og poliklinikk for dei som ynsker
- Du blir ein del av eit aktivt og positivt arbeidsmiljø med dyktige og hyggelege kollegaer
- Du får ein spennande, meiningsfull og utfordrande jobb
Dersom ønske om førerett må dette oppførast i søknaden
Kontaktinformasjon
Trude Fjeld, Funksjonsleder, 52732501, trude.fjeld@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgaten 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4969568241
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 18.08.2025
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2942727
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4b65f886799949bab44ce7608a0794c7