Vil du jobbe med moderne biologisk behandling som ECT og TMS?
Avdeling psykisk helsevern Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialsjukepleier
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 20. november
Me søkjer deg som vil bidra til trygg og effektiv behandling for pasientar med psykiske lidingar, samtidig som du får styrka kompetansen din.
Vi har no ledig vikariat for deg som ønskjer å lære om, og levere behandling med moderne og evidensbaserte biologiske metodar.
Du får tett oppfølging og god opplæring frå dag éin. Vikariatet varer i eitt år, med oppstart i 2027 og moglegheit for forlenging dersom behovet held fram.
Arbeidsdagen er variert, og aktiviteten går særleg føre seg på morgonen når me køyrer ECT- og TMS-behandlingar. Me planlegg også for pilotering av behandling med ketamin.
Me ser fram til å høyra frå deg, og ønskjer deg velkommen til eit spennande vikariat hos oss!
Kva går jobben ut på?
- Planleggje og gjennomføre TMS‑ og/eller ECT‑behandling i tråd med prosedyrar og pasientforløp.
- Delta i små team som samarbeider med kommunale tenester og andre fagmiljø.
- Observere og vurdere pasienttilstand, dokumentere og kvalitetssikre behandling.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Må ha:
- Norsk autorisasjon som sjukepleier med videreutdanning innan psykiatri.
- Erfaring frå psykisk helsevern er ønskelig, men vi gir opplæring i prosedyrer for ECT og TMS.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Motivasjon for strukturert opplæring og sertifisering innan ECT/TMS.
Ønskjeleg:
Kva ser vi etter hos deg?
- Lagspelar: Du deler informasjon aktivt, ber om hjelp når det trengst og støttar kollegaer for å nå felles mål.
- Fleksibel: Du handterer endringar i plan utan å miste oversikt og held roen når tempoet aukar.
- Læringsorientert: Du set av tid til å lese prosedyrar, deltek i rettleiing og følgjer opp tilbakemeldingar.
- Kommunikativ: Du gir korte, presise beskjedar i team og dokumenterer nøyaktig i pasientjournal.
Kva tilbyr vi?
- God opplæring og tett oppfølging i oppstarten.
- Eit fagmiljø som satsar på evidensbasert behandling.
- Moglegheit til å styrke din kompetanse innan biologisk behandling.
- Varierte dagar med kombinasjon av sjølvstendig arbeid og teamoppgåver.
- IA‑arbeidsplass med fokus på inkludering og godt arbeidsmiljø.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Aarvik, Funksjonsleiar, 97641042Thomas Hasmo Eilertsen, Avdelingsleiar, +47 93455990
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5198929597
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 20.11.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Thomas Hasmo Eilertsen
Avdelingsleiar
+47 93455990
Elisabeth Aarvik
Funksjonsleiar
97641042
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a8d869ee-0286-43a4-9675-58093e3a851c
- Sist endret
6. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e7b955ad5d31435281b085e3b141fd22