Nevropsykolog
Nevropsykologisk poliklinikk, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Nevropsykolog
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 11. november
Saman med fem andre psykologar/psykologspesialistar og tre testteknikarar, inkludert eit velutstyrt nevropsykologisk testlaboratorium, vil du arbeide i eit sterkt og engasjert fagmiljø. Her blir nevropsykologiske undersøkingar nytta aktivt for å forstå kvardagen til pasienten og gi reell nytte i diagnostikk, behandling og tilrettelegging.
Du vil arbeide ved nevropsykologisk poliklinikk i Haugesund, som har ei særstilling i Norge.
Vi tek imot pasientar i alle aldrar og med eit breitt spekter av problemstillingar, med eller utan somatisk eller psykisk liding. Vi får direkte tilvisingar frå fastlegar, somatiske avdelingar, DPS og BUP.
Vi har eit sterkt fagleg engasjement for utgreiing og behandling der det er nyttig, og legg til rette for fagleg fordjuping og fornying. For deg som ønskjer det, finst det gode moglegheiter for forsking og fagleg utvikling i eit miljø med høg kompetanse og sterk kollegial støtte.
Kva går jobben ut på?
- Nevropsykologisk poliklinikk har ansvar for barn og vaksne frå både somatisk og psykisk helsevern som treng utgreiing og/eller oppfølging relatert til nevropsykologiske problemstillingar.
- Rådgiving og støttefunksjon for BUP/DPS..
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Psykolog med norsk autorisasjon.
- Du må enten ha spesialisering i nevropsykologi eller ha interesse for å bli spesialist i nevropsykologi.
- Erfaring eller interesse for nevropsykologiske undersøkelser og testverktøy er ein fordel.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, C-1 nivå påkrevd for personar utan norsk som hovudmål.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er strukturert og kan formulere deg kort og presist
- ansvarsbevisst og effektiv
- fleksibel
- gode kommunikasjonsevner
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- engasjert
- likar varierte utfordringar
Kvifor skal du velje oss?
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- For psykologar i spesialisering tilbyr vi eit komplett utdanningsforløp, med opptening av ei veke permisjon per år for å skrive spesialistoppgåva
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Monica Haraldseid Breitve, Funksjonsleiar, +47 91641047, monica.breitve@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5201436987
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
46df604a-9161-4d91-8b10-4275504f4756
- Sist endret
29. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e98fa76c8a844a668c7298aafa0139aa