Hopp til innhold

Sjukepleier/vernepleier med videreutdanning innan psykiatri

Arbeidsgiver

Eldremedisinsk poliklinikk alderspsykiatri Haugesund Sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Oppstart
2. november 2026
Stillingstittel
Sjukepleiar / Vernepleiar med vidareutdanning innan psykiatri
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid

Søk på jobben

Søk senest torsdag 19. november

🌟 Har du lyst til å gjere ein forskjell?

Vi har ledig ei 100 % dagstilling ved poliklinikken vår, og søkjer deg som ønskjer å bidra til best mogleg utgreiing, behandling og oppfølging av eldre pasientar med psykiske lidingar og samansette utfordringar.

Hos oss møter du menneske med ulike behov og livshistorier. Arbeidet krev fagleg tryggleik, gode samarbeidsevner og evna til å sjå mennesket bak sjukdommen. Kvardagen kan vere krevjande, men du står aldri åleine. Vi støttar kvarandre, deler kunnskap og finn gode løysingar saman. 🤝

Du blir ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø, der kvalitet, utvikling og samarbeid står i sentrum. Vi legg til rette for fagleg vekst gjennom undervisning, fagdagar og tett samarbeid med både sengepostar og kommunehelsetenesta. 📚

💙 Ønskjer du å gjere ein forskjell for eldre pasientar, samtidig som du utviklar deg fagleg? Då håpar vi å høyre frå deg


Kva går jobben ut på?

Du vil mellom anna arbeide med: 

  • utgreiing, behandling og oppfølging av eldre pasientar med psykiske lidingar og samansette utfordringar
  • gjennomføring av kognitive testar og kartleggingar
  • oppfølging av pasientar i poliklinikk og samarbeid med sengepost i alderspsyatrien
  • samarbeid med pårørande og kommunehelsetenesta
  • undervisning, rettleiing og fagleg kompetansedeling
  • bidra til gode pasientforløp og trygge overgangar mellom tenestenivå

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning innan psykiatri
  • Vernepleiar med relevant vidareutdanning innan psykiatri
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Det er ein fordel om du har:

  • erfaring frå psykisk helsevern, alderspsykiatri eller arbeid med eldre
  • erfaring med kognitiv utgreiing og kartlegging

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er trygg og fagleg engasjert, og som held oversikta når arbeidsdagen er travel
  • tek initiativ og bidreg til å finne gode løysingar saman med andre
  • trivst i samarbeid og set pris på eit miljø der ein lærer av kvar andre
  • likar å undervisa internt og ut mot kommunane

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du: 

  • fagdagar, kurs og simuleringstrening som styrkjer den faglege utviklinga di
  • ei positiv haldning til vidareutdanning, med tilrettelegging for vidare utvikling
  • ein variert arbeidskvardag 
  • kollegastøtteordning og eit arbeidsmiljø der du ikkje står åleine
  • eit inkluderande arbeidsmiljø i ei IA-verksemd.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Doreen Halleland, Avdelingsleder, doreen.halleland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5185060987
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.11.2026
Søknadsfrist: 19.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Doreen Halleland

Avdelingsleder

doreen.halleland@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2d497836-83b9-405e-8c80-b5d9e8614c8a

Sist endret

5. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

692e40b5f1204de18c1463822311c98c

Lignende annonser

Laster lignende annonser