Hopp til innhold

Faglærar

Arbeidsgiver

Fagskulen Vestland- avdeling  helse og oppvekst - Bergen            

Sted

Haugeveien 28, 5005 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Faglærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 15. mai

Fagskulen Vestland er ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Vi har vel 2.000 studentar og om lag 200 tilsette.

Fagskulen Vestland har åtte studiestadar rundt om i Vestland fylke – Bergen (Nygård og Nordnes), Stord, Voss, Austevoll, Hjeltnes, Førde og Måløy.

Les mer her: fagskulen.no.

Fagskulen Vestland har fleksible etter- og videreutdanningar for fagarbeidare, samt utdanningar som fører fram til ei fagskulegrad.

Studentane er vaksne, har fagbrev og/eller allsidig kompetanse når dei tar høgare yrkesfagleg utdanning.

Stillinga vil ha kontorstad Bergen, noko reiseaktivitet må påreknast.

Undervisninga vil være knytt til helse og oppvekstavdelinga. Ei stor del av stillinga vil være knytt til utdanning innan sterilforsyning og smittvern, med utdanning av sterilforsyningsteknikare.

Du kan lese meir om utdanninga her:

https://www.fagskulen.no/utdanning/helse-og-oppvekst/sterilforsyning-og-smittevern-i-helsetenesta/

https://www.fagskulen.no/nyheiter/med-fagskulen-blei-ho-spesialisert-i-pasienttryggleik/

Deler av stillinga vil kunne være knytt til andre oppgåver innan undervisning, prosjektarbeid, utviklingsarbeid, etc. ved dei andre utdanningane ved avdelinga.

 


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning og tilhøyrande arbeid innan fagområda i avdelinga for dag- og nettklassar. (Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning. Rettleiing og fagleg oppfølging av studentar). Undervisninga kombinerer praktisk og teoretisk undervisning, fysisk og digitalt
  • Utvikling av eksisterande utdanningar og nye fleksible utdanningar, kurs, EVU tilbod, etc. i samarbeid med kollegaer, leiing og anna arbeidsliv.
  • Deltaking i prosjekt, fagråd, kontakt med aktuelt arbeidsliv
  • Faglig ansvar for fagområde, oppdatering av studieplan, halde seg fagleg oppdatert om utviklinga i bransjen.
  • Bidra i fagleg utviklingsarbeid og pedagogisk fornying
  • Kvalitetsarbeid knytt til avdelinga

Kvalifikasjonar

 Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg kompetanse, jf. Lov om høyere yrkesfaglig
utdanning

  • Minimum bachelor innan helsefag eller andre relevante fagområde
  • Relevant erfaring innan sterilforsyning og smittevern
  • God digital kompetanse
Det er ynskjeleg med:
  •  Pedagogisk utdanning og undervisningserfaring
  •  Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar

For søkjarar som ikkje har godkjent pedagogisk kompetanse, legg skolen til rette for at den pedagogiske utdanninga kan takast samstundes med undervisningsstillinga. Eventuell pedagogisk utdanning må startast innan 3 år etter tilsetjing.

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjert og motivert for å jobbe med menneske og læring
  • Evne til å motivere og engasjere studentar til gode læringsøkter
  • Gode samarbeidsevner og evne til å skape trygge relasjonar til studentar og kollegaer
  • Tydelig og god formidlar
  • Strukturert, sjøvstendig,ansvarsfull og utviklingsorientert
  • Positiv, open, løysingsorientert, fleksibel og endringsviljug
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne 

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Du som skal tilsettast  må leggje fram godkjent politiattest

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og etter- og vidareutdanning
  • Fleksibel arbeidstid 
  • Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Mariann Hovland, Utdanningsleiar, 98819588

Arbeidsstad

Haugeveien 28
5005 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5122415239
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Mariann Hovland

Utdanningsleiar

98819588

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a7ba10a7-fd8b-4c9b-bb1e-60682df3c118

Sist endret

30. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2676cfbfad2241c3a879adc795500612

Lignende annonser

Laster lignende annonser