Faglærar- Fagskulen Vestland- vikariat
OPK-FV - Avd. Helse Bergen, Vestland fylkeskommune
Haugeveien 28, 5005 Bergen
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Faglærar- Fagskulen Vestland- vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 20. mai
Fagskulen Vestland er ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Vi har vel 2.000 studentar og om lag 200 tilsette.
Fagskulen Vestland har åtte studiestadar rundt om i Vestland fylke – Bergen (Nygård og Nordnes), Stord, Voss, Austevoll, Hjeltnes, Førde og Måløy.
Les mer her:
https://www.fagskulen.no/Fagskulen Vestland har fleksible etter- og videreutdanningar for fagarbeidare, samt utdanningar som fører fram til ei fagskulegrad.
Studentane er vaksne, har fagbrev og/eller allsidig kompetanse når dei tar høgare yrkesfagleg utdanning.
Stillinga vil ha kontorstad Bergen, noko reiseaktivitet må påreknast.
Undervisninga vil være knytt til helse og oppvekstavdelinga. Ei del av stillinga vil være knytt til utdanning innan akutt og kronisk sjuke, observasjon,vurdering og handtering.
Du kan lese meir om utdanningane våre her:
https://www.fagskulen.no/utdanning/helse-og-oppvekst/Deler av stillinga vil kunne være knytt til andre oppgåver innan undervisning, prosjektarbeid, utviklingsarbeid, etc. ved dei andre utdanningane ved avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning og tilhøyrande arbeid innan fagområda i avdelinga for dag- og nettklassar. (Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning. Rettleiing og fagleg oppfølging av studentar). Undervisninga kombinerer praktisk og teoretisk undervisning, fysisk og digitalt.
- Utvikling av eksisterande utdanningar og nye fleksible utdanningar, kurs, EVU tilbod, etc. i samarbeid med kollegaer, leiing og anna arbeidsliv.
- Deltaking i prosjekt, fagråd, kontakt med aktuelt arbeidsliv.
- Faglig ansvar for fagområde, oppdatering av studieplan, halde seg fagleg oppdatert om utviklinga i bransjen.
- Bidra i fagleg utviklingsarbeid og pedagogisk fornying.
- Kvalitetsarbeid knytt til avdelinga.
Kvalifikasjonar
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg kompetanse, jf. Lov om høyere yrkesfaglig
utdanning.
Minimum bachelor innan helsefag eller andre relevante fagområde.
Relevant erfaring innan klinisk arbeid.
God digital kompetanse.
Det er ynskjeleg med:
- Pedagogisk utdanning og undervisningserfaring.
- Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert og motivert for å jobbe med menneske og læring.
- Evne til å motivere og engasjere studentar til gode læringsøkter.
- Gode samarbeidsevner og evne til å skape trygge relasjonar til studentar og kollegaer.
- Tydelig og god formidlar.
- Strukturert, sjøvstendig,ansvarsfull og utviklingsorientert.
- Positiv, open, løysingsorientert, fleksibel og endringsviljug.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Du som skal tilsettast må leggje fram godkjent politiattest.
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og etter- og vidareutdanning.
- Fleksibel arbeidstid.
- Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stillinga er eit årsvikariat. Med mogelegheiter for forlenging.
Kontaktinformasjon
Mariann Hovland, Utdanningsleiar, 98819588, Mariann.Hovland@vlfk.noArbeidsstad
Haugeveien 285005 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5124700291
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 20.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6cacef78-f0d8-4cf9-a1a1-54beafc7cefa
- Sist endret
11. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e8574feb8403485a91b2e025106a7d62