Hopp til innhold

Sjukepleiar/vernepleiar – faste stillingar på natt i Psykiatrisk klinikk

Arbeidsgiver

Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar – faste stillingar på natt i Psykiatrisk klinikk
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Psykiatrisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus søker dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar til faste stillingar på natt.

Vil du vere med å gjere ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar? Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, der tryggleik, kvalitet og omsorg står i sentrum.

Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!

Det er ledig følgande faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:  

*  Avdeling stemningslidingarSeksjon S6 har ledig 80% faste stillingar og søker sjukepleiar eller vernepleiar, pt kvar 3. helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke

Psykiatrisk akuttmottak, PAM 1 har ledig 80-100% faste stillingar og søker sjukepleiar eller vernepleiar, pt kvar 3. helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke

*  Avdeling Alderspsykiatri har ledig 65.5% fast stilling og søker sjukepleiar, pt kvar 3. helg

*  Avdeling spesialisert psykosebehandling, Seksjon S5 har ledig 80% fast stilling og søker sjukepleiar eller vernepleiar, p.t kvar 3. helg. Om ein ønsker 100% stilling kan det bli vurdert 


Oppgi gjerne i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.


Arbeidsoppgåver

Avdeling Stemningslidingar har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og avdelinga tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. 

Seksjon S6 er ein lukka korttidsseksjon med 12 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. 
Kontakt: Jan Legreid, Tlf. 55958762/ 95045861

Psykiatrisk akuttmottak (PAM) har flytta inn i nye, flotte lokale på Sandviken sjukehus - bli med inn og sjå

PAM1 gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. PAM sin oppgåve er mottak, kartlegging og behandling av menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Posten er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. På sengeposten får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Vi jobbar tverrfagleg og hos oss treff du psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest. 
Kontakt: Pål Audun Hegland, Tlf. 55958510 eller Gunn Andersen, Tlf. 55958712

Avdeling Alderspsykiatri greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er nær samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, og psykiatrisk sjukdom og  biologiske, psykologiske eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, psykose, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand.

Seksjonen har ei døgneining med 12 sengeplassar. Seksjonen har i tillegg polikliniske og ambulante tenester. Seksjonen er no lokalisert i Glasblokkene på Haukeland universitetssjukehus. 
Kontakt: Seksjonsleiar Cathrine Stue Børhaug, Tlf. 55974535/ 45246187

Avdeling spesialisert psykosebehandling, Seksjon S5 er ein lukka akuttpost med 12 behandlingsplassar, der 2 av sengene er intensivsenger. Vi er lokalisert i Psykiatrisk klinikk, Sandviken.  S5 er ein spennande og lærerik arbeidsplass, der dei tilsette ser og oppmuntrar kvarandre. Vi er kjend for vår høge, faglege kompetanse innan  psykosebehandling og for vårt gode og inkluderande arbeidsmiljø. 
Vi har ledig 80% fast stilling for sjukepleiar/vernepleiar med arbeid p.t kvar 3. helg med turnus på natt. Dersom ein ønsker det, kan 100% stilling bli vurdert 

    Kvalifikasjonar (overskrift)

    Arbeidsoppgåver
    • Oppfølging av pasientar samt utvikling/og evaluering av sjukepleiefaglege og miljøterapeutiske tiltak, med eit fokus på å skape gode relasjonar til pasientane
    • Delta i det tverrfaglege arbeidet i seksjonen
    • Ansvarsvakt i seksjonen
    • Gje god omsorg for pasient
    • Pårørandearbeid
    • Medikamenthandtering
    • Pasientadministrativt arbeid
    • Ta del i den til ein kvar tid oppgåver som ligg til avdelinga
    • Forbetringsarbeid

      Kvalifikasjonar

      • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
      • Erfaring frå psykiatri er ønskeleg
      • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
      • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare

      Personlege eigenskapar

      Vi ønsker medarbeidarar som:

      • har respekt for den enkelte pasienten
      • er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
      • har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible
      • har gode kommunikasjonsevner
      • har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
      • er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
      • er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
      • trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø
      • ønsker og evner å motta rettleiing

      Vi tilbyr
      • Utfordringar og læresituasjonar
      • Fadderordning
      • Kursing i MAP - Møte med aggresjonsproblematikk
      • Inkluderande arbeidsmiljø
      • Fagleg og personleg utvikling/tverrfagleg internundervisning
      • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
      • Gode pensjons- og forsikringsordningar
      • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

       

      Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

      Kontaktinformasjon

      Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillingane
      Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

      Arbeidsstad

      Haukelandsveien 22
      5021 Bergen

      Nøkkelinformasjon:

      Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

      Referansenr.: 5061893965
      Stillingsprosent: 80, 65,5%
      Fast
      Søknadsfrist: 25.01.2026

      Om bedriften

      Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
      Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

      Sektor

      Offentlig

      Annonsedata

      Rapporter annonse
      Stillingsnummer

      a72eb1ce-7167-4a33-bcde-558c78d2c642

      Sist endret

      26. januar 2026

      Hentet fra

      talentech

      Referanse

      3653bbfd8f0f49aaa93759b0334d729e

      Lignende annonser

      Sjukepleiar/ Vernepleiar, 60% natt

      Arbeidsgiver

      Øyane Øyane distriktspsykiatriske senter/ allmennpsykiatrisk døgnbehandling, Helse Bergen HF

      Sted

      Straume

      Faste helgestillingar Psykiatrisk Akuttmottak

      Arbeidsgiver

      Psykiatrisk akuttmottak/ Seksjon PAM1 og PAM 2, Helse Bergen HF

      Sted

      Bergen