Hopp til innhold

Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
19
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 28. juni

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar

Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. 

Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:

 

Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.


Arbeidsoppgåver

Seksjon for poliklinikk og dagbehandling /sengepost har ledig ein kombinert stilling 80/20 der 80 % er i dagavdeling/poliklinikk med arbeidstid 07.30-15.30, og 20 % av stillinga er knytt til ein av døgnpostane i klinikken med arbeidstid 3.kvar helg. Pasientar her kjem mellom anna for utgreiing og behandling av migrene og MS.
Kontakt: Trine Drange, tlf. 92650414.


Nevrologisk akuttpost greier ut og behandlar sjukdom i nervesystemet. Vi er ein døgnpost med 30 senger, inkludert overvaking av hjerneslag og epilepsi. Hos oss treff pasientane eit kvalifisert team med tverrfagleg tilnærming. Vi kan tilby deg spennande, utfordrande, interessante og lærerike arbeidsdagar. Les meir om oss her.
Kontakt: Laila Kvalvåg, tlf. 55975041.

Nevrokirugisk avdeling søker sjukepleiar som trivst med eit høgt arbeidstempo, med god fagleg sjukepleie til pasientar i alle aldrar. Vi greier ut og behandlar vaksne og barn som treng kirurgisk behandling for skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Avdelinga har og landsfunksjon for stråleknivbehandling og behandling av vestibularisschwannom. Nevrokirurgisk avdeling har 25 senger inkludert ei overvakingseining på 9 senger. Vi har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi satsar på fagutvikling og har mellom anna innarbeidd fagutviklingstimar i vår årsturnus. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre, og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette. 
Kontakt: Åse Humberset, tlf. 55975662.

Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Vi har stor breidde i vår verksemd og tilbyr både medisinsk og kirurgisk behandling, i tillegg til øyeblikkelig hjelp til pasientar med augelidingar. Til Augebygget kjem pasientar for utgreiing, undersøkingar og dagbehandling. Augeavdelinga greier ut og behandlar augelidingar hos barn og vaksne. Avdelinga har fleirregional behandlingsteneste innan behandling av kreft i auget. Avdelinga har stor breidde i si verksemd; både medisinsk og kirurgisk behandling. Arbeidstid på dagtid. Du må vere villig til å bidra ved hele augeavdelinga. 
Kontakt: Linda Rio-Standal, tlf. 48608897.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Postoperativ seksjon er ein dynamisk og spennande arbeidsplass der ein overvakar og behandlar ca 12 000 pasientar årleg. Vi overvakar barn og vaksne, hovudsakleg etter generell kirurgi. Vi tar og imot eit stort antall øyeblikkelig hjelp og traumepasientar. Vi legg til rette for gode opplæringsplanar med fagsjukepleiar og kontaktsjukepleiar ved oppstart. Vi har allsidige arbeidsoppgåver og og varierte pasientgrupper: Ortopediske, kirurgiske og hovud-hals-pasientar. Ønskeleg med 2 års relevant erfaring og gjerne erfaring frå postoperativ avdeling, spesialisthelsetenesta. Erfaring frå kirurgiske pasientar er ein fordel. Vi har 3-delt turnus og jobbar 16 helgar på 52 veker. 
Kontakt: Mette Ravnøy, tlf. 55972436.


Fertilitetssenteret tilbyr behandling til par med ynskje om barn. Arbeidet går føre seg i team av legar, sjukepleiarar, kontortilsette og laboratoriepersonell. Vi ynskjer å tilby pasientane våre trygg behandling i ei god atmosfære.
Fertilitetssenteret søkjer ein sjukepleiar med erfaring frå IVF-arbeid til 1 års-vikariat med vidare tilsetjing i Bemanningsseteret etter enda vikariat. Arbeidet vil bestå av sjukepleiaroppgåver i tilknyting til gjeldande behandlingstilbod. Søkjar må delta aktivt i teamet og samarbeide godt med andre profesjonar.
Kontakt: Siren Skrede, tlf. 55974244 .

Bemanningssenteret
Vanskeleg å velje avdeling? Bemanningssenteret søkjer sjukepleiarar som ønskjer ein variert og spennande arbeidskvardag på tvers av fleire avdelingar. Vi har ledige 100 % faste stillingar med arbeid i snitt kvar 3. helg. Vi har årsturnus, og du får stor innverknad på eigen turnus. Her får du brei erfaring, fagleg utvikling og ein kvardag med stor variasjon. Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss får du fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging frå leiar og resten av teamet. For deg som trivst med nye utfordringar, samarbeid på tvers av fagmiljø og ønskjer ein variert arbeidskvardag, kan dette vere stillinga for deg.
Kontakt: Linda Greve Iversen, tlf. 55976900. 

Utgreiingsmottak 1, team akuttposten har ledig 2 stilinger for sjukepleier i 3 delt turnus. Vi ønsker deg som har erfaring og innteresse for pasienter med behov for medisinsk overvåking og/eller behandling etter inntak av rusmidler og/eller abstinens. 
Utgreiingsmottak 1, team UMO 1 har ledig 4 stilinger for sjukepleiar i 3 delt turnus. Vi ønsker deg som har lyst til å jobbe i eit spennade og engasjert fagmiljø i Mottaksklinikken. 
Kontaktperson: Ine Skåtøy, tlf 55971802.

Akuttmottak søker sjukepleiar med krav om minst 2 års relevant klinisk yrkeserfaring. Vi tar imot alle typar pasientar som treng ØH-hjelp, frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. I gjennomsnitt kjem det inn 100 pasientar i døgnet, kring 40.000 pasientar kvart år. Vi tar imot pasientar som treng behandling eller vurdering i spesialisthelsetenesta på grunn av sjukdom eller skade. Pasientane blir tilvist frå fastlege eller legevakt, eller kjem direkte med ambulanse eller luftambulanse.
Kontakt: Anette Tvedt, tlf. 55977926.

Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) Post 1 har ledig 100% fast stilling i 3-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering. 
Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf 55918484.

Lungeavdelinga, post 1 – eit kraftsenter innan lungemedisin
Lunge post 1 er mellom dei største og mest avanserte lungemedisinske einingane i landet. Vi står i front innan pasientbehandling, utdanning og forsking, og er stolte av å vere ein leiande aktør på nasjonalt nivå. Her kombinerer vi sengepost med respiratorisk overvaking (ROE), og tilbyr høgspesialisert behandling til pasientar med komplekse behov.
Av våre 16 senger er inntil 8 dedikert til pasientar som treng tettare respiratorisk oppfølging med respiratorisk støtte, som BiPAP eller respirator. Vi tar imot pasientar med alvorleg kols, respirasjonssvikt og lungebetennelse – og gir dei trygg, kompetent og omsorgsfull behandling i eit miljø prega av fagleg styrke og kontinuerleg utvikling.
Kontakt: Lillian Hopland, tlf. 55973552.

Kirurgisk klinikk søker sjukepleiarar med driv og interesse for kirurgiske fag.
Ønsker du ein arbeidskvardag med fagleg breidde, varierte pasientforløp og gode utviklingsmoglegheiter? Ved Kirurgisk klinikk søker vi no sjukepleiarar som vil bli ein del av eit stort og spennande kirurgisk fagmiljø.
Klinikken vår har fem sengepostar, fire poliklinikkar, elektivt mottak/dageining og ei intensiveining for brannskadar. Våre fagområde er gastrokirurgi, urologi, karkirurgi, plastikkirurgi og dessutan bryst- og endokrinkirurgi. Vi har no ledige stillingar ved gastrokirurgisk sengepost. Undervegs i prosessen kan det bli ledige stillingar ved andre einingar/avdelingar i klinikken og søknaden din kan også bli vurdert for desse.
Har du eit spesifikt ønske om kvar du vil jobbe – eller er du nysgjerrig på fleire fagfelt og seksjonar? Uansett håpar vi å høyre frå deg.
Kontaktperson: Stine Steen Nøttveit, tlf. 98877954.

Du må:
  • Du har eller får norsk autorisasjon innan sommaren 2026
  • Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
  • Erfaring frå helse- og omsorg er eit pluss, men ikkje eit krav
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
  • For nokre avdelingar er det krav om tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr helsepersonelloven § 20a og politiregisterloven § 39 første ledd
Vi tilbyr:
  • Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Gode utviklingsmoglegheiter – både fagleg og personleg
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilgang til vårt idrettslag – HSI – med mange aktivitetar og eit sosialt fellesskap

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillingane

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5145129465
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Sjå kontaktperson

oppgitt for dei enkelte stillingane

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a6fbc302-7c27-4b2c-834f-6cdb9fe0c58e

Sist endret

12. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ceb46cb7b2de4d98aabf9edfd6b369fb

Lignende annonser

Laster lignende annonser