Lærar - vikariat
Torvmyrane Skule, Kinn kommune
Torvmyra 2, 6908 Florø
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 25. mars
Ledig vikariat lærar 100 % frå 01.08.26 - 01.04. 27, med moglegheit for forlenging.
Torvmyrane skule er ein mangfaldig organisasjon som inneheld 5 avdelings barnehage for barn i alderen 1-5 år, 1-7 skule, innføringsklasse for fleirspråklege barn og SFO. Vi strekker oss langt for å oppretthalde ein samla organisasjon, og set trivsel, samspel og meistringsopplevingar i høgsetet. Vi leikar og lærer inne som ute- og på tvers av alder, fag og skostorleikar. Omlag 250 barn og 60 vaksne deler kvardag og fest tett på Brandsøyåsen og 3 km frå sentrum.Arbeidsoppgåver
Undervisning 1-7.trinn, ordinær klasse eller Innføringsklasse. Kontaktlærarfunksjon kan leggast til stillinga.
Kvalifikasjonar
Grunnskulelærar 1-7 med undervisningskompetanse i norsk, matematikk., kunst og handverk. Ønskeleg med kompetanse innan programmering og digital pedagogikk, scenekunst eller musikkPersonlege eigenskapar
Vi ønsker deg som trivast blant både små og store, og som har humør og engasjement i arbeidet med å skape gode utviklingsvilkår barn. Du har høg relasjonskompetanse. Du set barnet i fokus, er allsidig, fleksibel og toler at planar endrast på kort varsel. Du kvir deg ikkje for å ta på deg ansvarsoppgåver for fellesskapen. Du er nysgjerrig, utprøvande og oppteken av di eiga læring og utvikling. Du trivast og held hovudet kaldt når det kokar. Du er ein varm og tydeleg klasseleiar og kommuniserer godt med barn, foreldre og kollega.
Vi tilbyr
Mange spennande og givande oppgåver med meining.
Eit fagfellesskap med fokus på utvikling og trivsel i alle ledd.
Eit suverent kollegie som kvar dag bidreg til eit arbeidsmiljø i særklasse.
Løn etter tariff
Kompetanselønn
Pensjon og forsikringar i SPK
Kontaktinformasjon
Sissel Karin Bergkvam Østrem, Rektor Torvmyrane skule, +47 48037689Arbeidsstad
Torvmyra 26908 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5098535669
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 01.04.2027
Søknadsfrist: 25.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Sissel Karin Bergkvam Østrem
Rektor Torvmyrane skule
+47 48037689
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a66d74d2-2f74-4c68-a33a-135404f07bd6
- Sist endret
18. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
18075fd1ddc7462987ff418dd5ce8a30