Hopp til innhold

Bibliotekar

Arbeidsgiver

Gloppen folkebibliotek, Gloppen kommune

Sted

Grandavegen 9, 6823 Sandane

Om jobben

Stillingstittel
Bibliotekar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

Gloppen folkebibliotek er plassert i hjarte av kultursenteret i kommunen - Kulturhuset Trivselhagen. Vi søkjer etter bibliotekar i 100 % stilling, med oppstart så snart som muleg. 

Gloppen folkebibliotek er ein pulserande arbeidsplass med si samlokalisering i lag med Firda vgs, Kulturhuset Trivselshagen og Gloppen kulturskule. I tillegg til biblioteket er her kultursal/konsertscene, kino, kafé, dansesalar, dramasal og møterom. Utanom biblioteket sine ordinære opningstider med betjening, har vi meirope bibliotek frå kl 07 – 23 kvar dag. Dette gjer biblioteket svært tilgjengeleg for innbyggjarane i kommunen. Biblioteket vårt er moderne og nyoppussa, med ein god atmosfære. Ein populær stad der det er godt å vere!

Som bibliotekar vil du inngå i eit arbeidsteam på 3 personar som jobbar godt på tvers. Alle deltek i den daglege drifta med skrankevakt og turnus med ei ettermiddagvakt i veka til kl 18. Vi er skulebibliotek for Firda vgs, med mange elevar som brukar biblioteket som sin arbeidsplass. Vi har også grunnskular i gangavstand, som vi samarbeider med. Kvardagen er både pulserande og hektisk, med mykje aktivitet. Eksterne tilskotsmidlar og prosjektarbeid er ein viktig del av teamet sine oppgåver. Vi gjennomfører ulike arrangement og foredrag på biblioteket, gjerne i samarbeid med lag- og organisasjonar.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift og bibliotekfagleg arbeid, vere del av turnus i skanke
  • Bidra til å skape leselyst og leseglede
  • Planlegging og gjennomføring av arrangement og formidlingsoppdrag
  • Bidra i prosjektsøknader og gjennomføring av prosjekt for utvikling av biblioteket
  • Marknadsføring av biblioteket sine tilbod

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap eller tilsvarande relevant utdanning til dømes innanfor litteratur, kultur eller formidling. Relevant praksis kan kompensere for utdanningskravet
  • Erfaring frå arbeid i bibliotek eller tilsvarande er ein fordel
  • God kjennskap til og interesse for litteratur
  • God formidlingsevne både munnleg og skriftleg
  • Gode IT-kunnskap
  • Fordel med kunnskap om marknadsføring og sosiale medium

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein bibliotekar som

  • er serviceinnstilt og kundevennleg
  • har engasjement for å vidareutvikle biblioteket som møteplass for litteratur, kunnskap og opplevingar
  • er ein engasjert formidlar innan litteratur
  • har gode samarbeidsevner både internt og eksternt, og byggjer gode relasjonar
  • jobbar sjølvstendig og er ansvarsbevisst
  • er endringsvillig og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Ein spennande arbeidsplass i eit moderne bibliotek som ligg i eit pulserande miljø i Kulturhuset Trivselshagen.
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.

Kontaktinformasjon

Ann Kristin Hovstad, Gloppen folkebibiliotek, 480 23 818

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5080311363
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Ann Kristin Hovstad

Gloppen folkebibiliotek

480 23 818

Om bedriften

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a66602b3-017c-4917-9faa-b282eba8d1ad

Sist endret

12. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

da45319248964f8ea7673016bd7feaa9

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Heimetenesta, Gloppen kommune

Sted

Sandane