Hopp til innhold

Resepsjons- og administrasjonskonsulent - vikariat

Arbeidsgiver

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Sted

Skulevegen 24, 5745 Aurland

Om jobben

Oppstart
10. juni 2026
Stillingstittel
Resepsjons- og administrasjonskonsulent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest mandag 25. mai

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk med plass til 52 elevar fordelt på Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga.  Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid).

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver for vikaren i perioden 10.06.2026 - 31.12 2026:
- Resepsjon og sentralbord
- Elevadministrasjon
- Arkiv/post
- Fakturering og rekneskap
- Lønsarbeid
- Innkjøp
- Administrasjon av internat

Kvalifikasjonar

- Relevant fagbrev eller  tilsvarande utdanning/ kompetanse
- Arbeidserfaring med økonomiske og administrative oppgåver
- Gode ferdigheiter innan IKT, økonomiforvaltning, administrasjon og skriftleg nynorsk
- Arbeidserfaring innan liknande stilling
- Basiskunnskapar i engelsk skrifteleg og munnleg

Personlege eigenskapar

- God til å møta folk i ulike situasjoner
- Løysingsorientert og handlekraftig
- Gode samarbeidsevner
- Trivst med høgt arbeidstempo og har stor arbeidskapasitet
- Systematisk, strukturert og fleksibel

Vi tilbyr

 Triveleg arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Fylkeskommunale løns- og tilsetjingsvilkår

Kontaktinformasjon

Børre Solberg, rektor                        , 41219505

Arbeidsstad

Skulevegen 24
5745 Aurland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5128726553
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 10.06.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 25.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Børre Solberg

rektor

41219505

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a62669ad-efe7-4885-9649-299c653a7114

Sist endret

12. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d346f1cb719e4b55ac47956a88026357

Lignende annonser

Laster lignende annonser