Har du lyst til å kombinere leiing, utvikling og vertskap?
Elvesus AS
Elvevegen 13, 6800 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Daglig Leder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Elvesus har etablert seg som ein sosial oase midt i Førde, langs Jølstra -- ein stad der mat, drikke og fellesskap bind folk saman. No står vi ved eit nytt kapittel. Med moderne fasilitetar, solide eigarar og eit sterkt fagmiljø i ryggen søkjer vi ein dagleg leiar som kan samle laget, tydeleggjere retninga og vidareutvikle Elvesus som ein stad for deg som elskar god mat og god stemning.
Om stillingaRolla som dagleg leiar er både strategisk og operasjonell. Du blir det samlande punktet mellom kjøkken, restaurant og bar -- og skal sørgje for at alt spelar i same takt. Elvesus er ein organisasjon med engasjerte menneske, høg aktivitet og klare ambisjonar. Vi ser etter deg som trivst i operative miljø, der leiarskap handlar om å vere til stades og ta ansvar , for å sikre ei god flyt i- og utviklingav drift.
Ansvarsområdet omfattar drift, økonomi, personal og konseptutvikling. Du vil også vere ein nøkkelperson i marknadsarbeid, utvikling av arrangement og samarbeid med regionalt næringsliv.
Kven er du?Du har ein trygg og tydeleg leiarstil -- evnar å setje retning, ta avgjerder og sikre gjennomføring. Tillit byggjer du gjennom open kommunikasjon og klare forventningar. Du har evne til å balansere struktur og fleksibilitet, og trivst best når du er tett på drifta.
Erfaring frå restaurant, hotell, handel eller andre driftsmiljø med høg aktivitet kanvere ein fordel -- men viktigast er forståing for korleis ein bygg kultur, struktur og kvalitet i eit lag.
Vi ser for oss at du:-
Har erfaring med personalleiing og økonomiansvar
-
Trivst med synleg og tilgjengeleg leiarskap
-
Er strukturert og løysingsorientert
-
Er tydeleg og ærleg i kommunikasjonen, og bygg tillit gjennom open dialog.
Som dagleg leiar får du høve til å vere med å forme neste fase i utviklinga av Elvesus -- i tett samarbeid med styret. Elvesus har topp moderne fasilitetar innan bar, kjøkken og restaurant, og det er investert betydeleg i kvalitet og kapasitet. Her møter du eit solid og veldrive konsept med klare ambisjonar for vidare vekst.
Du blir del av eit miljø med engasjerte medarbeidarar, med støtte frå ei eigargruppe som bidreg aktivt til vidare utvikling. Dette er ei rolle for deg som ønskjer å kombinere leiing og vertskap, og som finn motivasjon i å bygge lag og retning for Elvesus som ein sentral møteplass i Førde - Det skjer på Elvesus!
Lyst til å ta ein prat om stillinga?Ta kontakt:
Daniel Klakegg Dvergsdal -- 904 79 470 / daniel@visere.no
Om bedriften
Elvesus er meirenn Restaurant & Bar. Langs Jølstra har vi skapt ein stad der sosialt samvær og kulinariske opplevingar går hand i hand.
Ein kulinarisk oase for deg som elskar god mat og god stemning.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a5cc638e-7d51-4118-80f7-2dae8466529e
- Hentet fra
FINN
- Referanse
432128099