Vil du leie og utvikle kjøkkenet ved Elvesus?
Elvesus AS
Elvevegen 13, 6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Kjøkkensjef
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Elvesus har etablert seg som ein sosial oase midt i Førde, langs Jølstra -- ein stad der mat, drikke og fellesskap bind folk saman. Med eit topp moderne kjøkken og ei erfaren leiargruppe, søkjer vi ein kjøkkensjefsom vil vere med å forme og vidareutvikle konseptet.
Dette er ei rolle for deg som trivst med ansvar, fagleg leiarskap og høg aktivitet -- og som finn motivasjon i å skape kvalitet, struktur og samarbeid på kjøkkenet.
Stillinga rapporterer til dagleg leiar og er ein sentral del av leiargruppa ved Elvesus Bar & Restaurant.
Om stillingaKjøkkenet er hjartet i Elvesus, og du får ansvaret for den faglege retninga og den daglege drifta. Du leiar eit kjøkkenteam med dyktige fagfolk og lærlingar, og samarbeider tett med dagleg leiar, restaurantsjef og barsjef for å sikre heilskaplege gjesteopplevingar.
Stillinga er operativ, med ansvar for både leiing og aktiv deltaking i dagleg drift. Du har òg det overordna ansvaret for at krav til matsikkerheit, internkontroll og HMS blir følgde.
Arbeidsoppgåver-
Menyutvikling, prissetjing og kostnadskontroll
-
Innkjøp, varelager og oppfølging av leverandørar
-
Personalleiing som omfattar opplæring, oppfølging og vaktplanlegging for kjøkkenpersonalet
-
Utvikling av konsept og tilbod i samarbeid med leiargruppa
Du er fagleg sterk, trygg i både klassiske og moderne teknikkar, og kombinerar kvalitet med kommersiell forståing. Du har brei kulinarisk erfaring og trivst i eit miljø der tempo, presisjon og samarbeid er avgjerande.
Som leiar er du til stades, strukturert og tydeleg. Du ser menneska i laget ditt og bygg trivsel gjennom trygg leiing og klare forventningar.
Vi ser for oss at du:-
Har bakgrunn som kokk og solid erfaring frå restaurantdrift med høg aktivitet
-
Trivst med ansvar og fagleg leiarskap
-
Kommuniserer tydeleg og har gode samarbeidsevner
-
Ønskjer å bidra til vidare utvikling av Elvesus som matdestinasjon
Vi ser etter deg som vil bygge eit kjøkkenmiljø prega av fagleg styrke, struktur og samarbeid. Det er investert betydeleg i sjølve kjøkkenet, som held høg standard og gir kapasitet og fleksibilitet til å levere kvalitet på høgt nivå. Samstundes er det bygd strukturar som støttar utvikling, effektivitet og kontinuitet i drifta.
Rolla gir reell moglegheit til å påverke retning og meny i samspel med dagleg leiar -- i eit stabilt og engasjert miljø med rom for fagleg vekst.
Lyst til å ta ein prat om stillinga?Ta kontakt:
Daniel Klakegg Dvergsdal -- 904 79 470 / daniel@visere.no
Om bedriften
Elvesus er meir enn Restaurant & Bar. Langs jølstra har vi skapt ein stad der sosialt samvær og kulinariske opplevingar går hand i hand.
Ein kulinarisk oase for deg som elskar god mat og god stemning.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
65cbaa3f-5a07-450e-ab23-cd67c81ee875
- Sist endret
4. november 2025
- Hentet fra
FINN
- Referanse
432132067
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Elvesus AS
Sted
Førde
Kjøkkenassistent
Arbeidsgiver
Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College
Sted
Flekke, Fjaler
Kjøkkenassistent
Arbeidsgiver
Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College
Sted
Flekke