Kjøkkenassistent - 74,18 % fast stilling
Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College
Hauglandsvegen 304, 6968 Flekke, Fjaler
Om jobben
Vi har ledig stilling som kjøkkenassistent for turnusarbeid i ein mangfaldig organisasjon i eit unikt miljø og på ein unik stad.
Stillingstittel
Kjøkkenassistent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 74%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Send søknad til
Hva vi ser etter
Vi søkjer deg som er nøyaktig og oppteken av å ha det kjekt på arbeid saman med gode kollegaer. Stillinga passar for deg som er fleksibel, som likar å jobbe i lag med andre og som er oppteken av å yte service.
Arbeidsoppgaver
ArbeidsområdeSom kjøkkenassistent vil du hovudsakleg arbeide med å førebu måltid (pålegg, frukt, salat m.m.), samt vaske og rydde i samband med dei tre daglege og faste måltida. Vi har eigne kokkar som lagar dei varme måltida.
Teamleiar og Operational Service Manager (OSM) er dine næraste leiarar.
Du vil inngå i ein turnusplan som inneber arbeid morgon, middag og kveld, og sidan skulen er heim for omlag 200 studentar vil det også inngå helgarbeid kvar tredje veke i turnusen.
Arbeidsoppgåver-
Utføre daglege oppgåver knytt mot servering av frukost, lunsj og middag
-
Ta i mot mat- og daglegvarer
-
Oppvask, og vask av bord og golvareal i kantina
-
Det er ynskjeleg med erfaring innan kjøkken-/kantinedrift eller matservering, men dette er ikkje eit krav
-
Evne til å yte god service til elevane og gjestane våre
-
Norsk er arbeidsspråk i kvardagen, men sidan vi er ein internasjonal skule må ein også kunne kommunisere på engelsk
-
Interesse for mat
-
Ynskje om å vere del av eit team som er ein særs viktig del av skulen
-
Vere høgt motivert, ha god struktur og like og evne å jobbe sjølvstendig og i team
-
Ha høg integritet og kan trivast med arbeid i eit dynamisk miljø med elevar og tilsette med ulik kulturell og etnisk bakgrunn i tråd med UWC sine verdiar og misjon
Vi tilbyr
-
Ein strukturert arbeidskvardag med høve til ulike kurs og eigenutvikling
-
Løn etter KS tariff
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Tilgang til Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter sine basseng og treningsrom
-
Tilgang til ulike utandørsaktivitetar, organisert gjennom skulen
Dersom dette er arbeidsoppgåver og ei stilling som kan passe for deg, ber vi om at du sender ein enkel søknad og CV til appointments@uwcrcn.no.
Søknadsfrist er 09.11.2025, med tilsetjing snarast.UWC RCN held på retten til å tilsette eigna kandidatar før søknadsfristen er ute.
For spørsmål til stillinga kan du ta kontakt med OSM (Operational Service Manager)Ainor Naustdal på tlf. 917 09 715, eller ainor.naustdal@uwcrcn.no
Ein må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar før ein kan ta til i stillinga.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
UWC Røde Kors Nordisk er ein internatskule for 200 elevar i alderen 16-19 år, frå meir enn 80 ulike land. Elevane gjennomfører eit to-årig studieprogram - International Baccalaureate (IB) Diploma. Skulen starta opp i 1995, og er mellom anna finansiert av offentlege midlar frå dei nordiske landa og ligg idyllisk plassert ved Flekkefjorden i Fjaler kommune på Vestlandet. Skulen har omlag 70 tilsette og har to datterselskap, UWC Connect AS og Verdsgrenda Eigedom AS. UWC Connect AS har ansvar for andre aktivitetar som mellom anna leirskule, sommarleirar og som vertskap for ulike grupper som kjem for å oppleve det unike miljøet på skulen. Verdsgrenda Eigedom AS eig og forvaltar bygg på eigedomen.
UWC RCN er eit unikt miljø på ein unik stad. Vi er eit fleirkulturelt samfunn, der alle har eit ansvar for studentane og gjestane sin velferd, utdanning og opplæring og der vi jobbar tett i lag. Det kan til tider vere krevjande, men er samtidig veldig gjevande.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e6a926f3-8ef0-4bdf-bb1d-06f26826e62d
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
e6a926f3-8ef0-4bdf-bb1d-06f26826e62d
Lignende annonser
Kjøkkenassistent - helgestillingar
Arbeidsgiver
Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College
Sted
Flekke
Kokk - 100 % fast stilling
Arbeidsgiver
Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College
Sted
Flekke
LEDIG STILLING I EIT SPENNANDE INTERNASJONALT MILJØ
Arbeidsgiver
UWC Røde Kors Nordisk
Sted
Flekke